Kinesiske studentar fekk inn 9223 kroner til jordskjelvoffera

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

kinesisk-innsamling525
Kinesiske studentar ved Høgskulen i Volda, utanfor den internasjonale treffstaden Pangaia i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. (trykk på bilete for stor versjon)

kinesisk-innsamling-stor-interesse-525

Det har vore stor interesse for den spontane innsamlingsaksjonen.
- Vi fekk inn 9223,50 kroner på ein og ein halv dag, og midlane er allereie sendt til Kina via Raude krossen, fortel studentane, og rettar ei stor takk til alle som har gitt pengar til innsamlinga.

Direkte overføring av pengane
- Vi har nytta Raude kross til å overføre pengar til organisert hjelp direkte i Sichuan, fortel dei kinesiske studentane. Frå banken her i Volda gjekk pengane til den internasjonale Raude krossen med melding om at studentar og andre i Volda har samla inn pengane og at midlane skal gå direkte til dei jordskjelvramma.

Håpar framleis for sine i Kina
- Eg har ein studentvenn i Stavanger som ikkje får kontakt med sine foreldre lenger. Dei er truleg ramma av jordskjelvet.
- Romveninna mi frå universitetet heime i Tianjin går no på universitetet i Chengdu, midt i den ramma Sichuan-provinsen. Ho har ikkje gitt lyd frå seg heller, fortel Haichao Jan, ei av studentane som no studerer Norsk for utanlandsstudentar ved Høgskulen i Volda.

Dei offisielle tala på døde stig etter jordskjelvet som ramma Kina i går. Tusenvis ligg framleis gravlagde under samanraste bygningar. Minst ti tusen er omkomne og mange ropar framleis etter hjelp frå ruinane, melde Smp.no. Les meir og sjå video

Del på