Studenttingsmøte onsdag 14. mai

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Vedtektskommiteen har gjort ferdig sitt forslag til nye vedtekter og desse skal presenterast under møtet på onsdag. Budsjettet for 2008 skal også gjennomgås.

STiV håpar at monge vil vise si interesse og stille til val. Me kan fortelle litt om kva dei ulike stillingane går ut på.

Fagansvarleg

  • Sit i studieutvalget ved HVO
  • Halde seg informert om studiekvalitetsarbeidet ved HVO, og skal kvart semester leggje fram ein rapport for styret.
  • Følgjer opp fagrelaterte studentklager for STiV

Velferd

  • Sit i læringsmiljøutvalget
  • Samarbeidar med SfS for å vidareutvikle velferdstilbodet for studentane
  • Gjennomføre foreldre/barn-arrangement i tråd med arbeidsprogrammet. Målgruppa skal informerast om planlagde arrangement via internett og med oppslag seinast to veker etter semesterstart

Internasjonalt ansvarleg

  • Halde seg oppdatert om moglege samarbeidspartnarar for STiV og HVO som ANSA og ISU
  • Sit som representant i Internasjonalt utval ved HVO
  • Arbeide for å sikre rettane for utanlandske studentar ved HVO, og arbeide for å sikre rettane til HVO-studentar i utlandet
  • Orientere seg om utanlandstilbod til HVO
  • Hente inn informasjon om internasjonalt arbeid ved andre utdanningsinstitusjonar i Norge for, om mogleg, å betre det lokale arbeidet

Dersom du er interessert, ta kontakt med STiV

E-post: stiv@hivolda.no
Tlf: 700 75 151

Del på