– Ingen andre har dette i Noreg

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert


Prorektor Jens Standal Groven klipte snora og opna studioet med assistanse frå overingeniørane frå IT-kontoret Rune Mo (t.v.) og Roy Inge Nupen. 

– Vi har ein lang tradisjon med studio ved høgskulen, og når eg no ser meg sjølv på skjermen her og ser kvaliteten vert eg nesten litt skremt, starta prorektor Jens Standal Groven smått humoristisk med då han opna det nye opptaksstudioet.

Kvalitet og brukarvenlegheit

Studioet er bygd opp slik at tilsette ved høgskulen skal gjere opptak av forelesingar, presentasjonar, samtaler med gjestar eller andre ting heilt sjølve. Ved å trykke på eit par knappar er dei i gang.

Etter å enkelt ha avslutta opptaket havner det automatisk inn på deira eiga datamaskin.

Ifølge overingeniør ved Høgskulen i Volda, Roy Inge Nupen, er dette eit unikt studio i universitets- og høgskulesektoren i Noreg.

– Det unike med studioet er koplinga av kvaliteten på opptaka og brukarvenlegheit. Kameraet vi bruker kunne ha stått i eit nyheitsstudio i NRK og skjermen ein står framfor er av høg kvalitet. I tillegg kan dei som underviser ved høgskulen gjere alt sjølve, utan hjelp frå ein teknikar. Eg kjenner ikkje til nokon universitet eller høgskular som har det slik i Noreg, med den kvaliteten og enkelheita som vårt studio har, fortel Nupen.

– Alle bør ta det i bruk

Studioet ligg i Hans Strøm-huset og vil vere tilgjengeleg for alle tilsette gjennom rombestilling.

– Dette har kome i stand etter godt samarbeid mellom IT-kontoret og Avdeling for samfunnsfag og historie, men det skal vere ein ressurs for heile høgskulen. Eg vil i dag spesielt trekke fram Roy Inge Nupen som tidlegare har vore med på å utvikle studio ved høgskulen, og no har vi igjen fått brukt kompetansen hans, sa Standal Groven i sin tale.

Prorektoren kom også med ei oppmoding til alle dei fagleg tilsette ved høgskulen.

– Eg vil oppmode alle til å bruke dette i undervisninga si for å skape variert undervisning. Sjølvsagt skal ein ikkje berre stå her inne, men dette er eit godt tilskot.

Moderne og heilt spesielt

Greenscreen har vore mykje brukt i ulike studio både i mediebransjen og ved undervisningsinstitusjonar. Det er ein skjerm der den som står framfor han ikkje ser kva som er på skjermen. Det var ikkje noko ein ønska seg ved HVO når ein skulle bygge eit nytt studio.

– For å få opptaka til å sjå bra ut med greenscreen har ein behov for teknisk personell i studio – det slepp vi no. Om ein ser i nyhendesendingar på tv til dømes nyttar den seg av den type skjerm vi har her. Det er også viktig for dei som underviser at dei ser kva som er på skjermen bak eller ved sidan av seg, forklarar Nupen og overingeniør Rune Mo, som har bygd opp det nye studioet.

Skjermen ein har i det nye studioet har veldig høg oppløysing, er muleg å navigere og forklare på. For å få alt perfekt har både ein arkitekt og ein fagperson på akustikk vore med på planlegginga.

– Det vi har gjort her kan ein ikkje lese i boka nokon stad, for det er ingen andre som har gjort noko tilsvarande tidlegare. Vi har lært medan vi har halde på, seier Nupen og Mo.


Roy Inge Nupen (t.v.) og Rune Mo har brukt ein god del tid på å planlegge og få alt perfekt i studioet.

Fleksibel bruk av film

Hilde Gry Leer-Salvesen, rådgivar i e-læring ved HVO, trur at både dei tilsette og ikkje minst studentane vil ha stor nytte av studioet. Høgskulen er av dei største på nettstudium i landet og har også mange samlingsbaserte studium.

– Ein kan bruke filmane som vert tatt opp fleksibelt, enten ein har nettstudentar eller har undervisning på campus. Dei fagtilsette kan ta opp filmar på førehand av vanleg klasseromsundervisning som gjer at studentane er betre forberedt til den ordinære undervisninga. Det vil også heve kvaliteten på diskusjonar og gruppearbeid, som ein kan bruke meir av tida på i klasserommet. Å variere undervisninga med film har i seg sjølv ein verdi som variasjon, meiner Leer-Salvesen.

Ho meiner at det også vert enklare å få inn folk frå praksisfeltet i eit studio og spele inn ein film, enn at det skal passe for folk utanfrå og kome inn i klasseromsundervisninga.

Hand i hand med nytt system

Filmane kan leggast ut til studentane i det nye LMS-et, Canvas, som høgskulen skal komme i gang med det neste året. Om studentane har nokon spørsmål undervegs i filmen, kan dei stoppe filmen og legge inn eit spørsmål, som faglæraren og andre studentar kan gå inn og kommentere og diskutere.

– Å stoppe opp der ein ikkje forstår alt og heller la filmen gå litt raskare når det er noko ein har god kontroll på, har vist seg i ulike undersøkingar å vere auke læringsutbytte. Slike filmar kan også vere nyttig i bruk før eksamen, seier Leer-Salvesen.

Ho har fleire tankar om bruk av film og andre digitale læringsformer, les meir om det her.

Alle tilsette ved høgskulen kan melde seg på opplæring i bruk av det nye studioet, det same gjeld opplæring i å undervise framfor kamera.

Del på