Studentane nøgde med Canvas

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Studentane ved Høgskulen i Volda er nøgde med Canvas, høgskulen si nye digitale læringsplattform for undervisning.

Canvas er eit digitalt læringsmiljø med ei rekkje digitale verkty for å støtte og administrere læringsaktivitetar på nett. Høgskulen tok i bruk Canvas i haustsemesteret 2017 etter å ha brukt Fronter som plattform i ei årrekkje.

Fagdag

På ein intern fagdag om Canvas kom det fram at studentane synest at den nye digitale læringsplattforma fungerer godt. Oda N. Skoglund, fagansvarleg for Studenttinget i Volda, peika likeval på nokre område der høgskulen kunne gjere ting betre.

– Studentar må forhalde seg til for mange kanalar for informasjon, noko som gjer at det er vanskeleg å ha oversikt. Det er også behov for meir opplæring, sa Skoglund.

Forsking

På seminaret var det også eit innlegg om digital kompetanse i høgare utdanning. Professor Rune Krumsvik ved Universitetet i Bergen (UiB) delte erfaringar frå eigen bruk av Canvas i undervisning og rettleiing samt resultat frå eiga og internasjonal forsking rundt bruk av digitale verkty i undervisninga.

Eit gjennomgåande sentralt spørsmål var om digitale verkty gir betre læring.

– Teknologi åleine gir inga læring. Ny teknologi kan vere effektiv når den vert brukt med fornuft i godt samspel med andre undervisningsformer, sa Krumsvik.

 

 

 

Del på