Tverrpolitisk støtte til digital ordbok

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Politikarar_620.jpg
Frå venstre: Jørgen Amdam (Ap), Helge Orten (H), Johann Roppen (HVO-rektor), Yvonne Wold (SV), Simon Molvær Grimstad (KrF), Lena Landsverk Sande (V) og Olav Myklebust (SP). 

Dette kom fram under semesteropninga ved Høgskulen i Volda.

Arbeidet med digitalisering av Norsk ordbok er eit prosjekt som spring ut av at dei norske språksamlingane har vorte flytta frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen. Samlingane er fysisk lokaliserte til Universitetet i Bergen, men i eit samarbeid med Høgskulen i Volda.

Ei viktig og naturleg vidareføring av språksamlingane er å digitalisere Norsk ordbok. Dette fell inn i Høgskulen i Voldas strategiske satsing på nynorsk i forsking og undervisning. For å styrke seg på dette området vil Høgskulen i Volda om kort tid lyse ut eit doktorgradsstipend retta mot forsking på nynorsk og digitalt ordboksarbeid.

Det er Kulturdepartementet som finansierer det meste av ordboksarbeidet i Noreg og dermed er det politisk bestemt kva prosjekt som skal satsast på.

Då representantar for dei politiske partia i Møre og Romsdal var på plass på semesteropninga ved Høgskulen i Volda tok høgskulerektor Johann Roppen opp dette spørsmålet med alle partia og fekk positiv respons frå alle.

– Eg er svært nøgd med at politikarane frå vårt fylke ser verdien av at Høgskulen i Volda samarbeider med Universitetet i Bergen i utvikling av norsk språk generelt og arbeidet med Norsk ordbok spesielt. Sjølv om politikarane ikkje kan gje konkrete lovnader så var alle positive til prosjektet og kjem til å følgje det opp i sine partiorganisasjonar, seier Roppen.

Partia som var representerte på semesteropninga var Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.  Alle desse partia har programfesta at dei ønskjer fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal.

I statsbudsjettet for 2018 kan ein vente meir konkrete signal på om digitalisering av ordbøkene vil bli prioritert.

Bakgrunn:

Arbeidet med «Norsk ordbok: Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet» starta i 1930. I åra 1950-2016 kom det ut 12 bøker i papirform. Dei første banda er ikkje tilgjengelege i digital form.

Les meir om arbeidet med Norsk Ordbok i Allkunne: https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/nynorske-aviser-blad-boker-og-tidsskrift/norsk-ordbok/30/855/

Her er lenkje til Norsk ordbok med tilgjengelege søkeord frå bokstavane I til Å.
http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi  

Les meir om språksamlingane: http://pahoyden.no/2016/10/dei-norske-sprakskattane-har-fatt-ein-ny-heim-ved-uib

Del på