Utviklar ein heilt spesiell digital ressurs
Svenn-Arve Myklebost og Timothy Saunders, førsteamanuensisar i engelsk, følte dei brukte for mykje av undervisningstida si på å lære studentane grunnleggande ferdigheitene innanfor lesing og tolking av litteratur. Difor lagar dei no ein digital ressurs som skal løyse utfordringa.
Timothy Saunders (f.v. Høgskulen i Volda), John Wilhelm-Flattun (Universitetet i Bergen), Eric Dean Rasmussen (Universitetet i Stavanger) og Svenn-Arve Myklebost (Høgskulen i Volda).
Prosjektet, som ber namnet Literary Criticism Online Resource (LiCOR), vekker oppsikt rundt om i landet. I november valde Norgesuniversitetet ut LiCOR som månadens prosjekt. Torsdag 1. desember hadde Myklebost og Saunders besøk av John-Wilhelm Flattun (Universitetet i Bergen) og Eric Dean Rasmussen (Universitetet i Stavanger) i Volda, medan Hilde Brox var med deg over Skype. I tillegg er også Juan Christian Pellicer fra Universitetet i Oslo og Risley Kavu Ngala fra Høgskolen i Sør-Øst Norge ein del av referansegruppa, som skal gi dei to tilsette ved Høgskulen i Volda tilbakemeldingar og innspel til den nye digitale ressursen.
Unik i Norge
Svenn-Arve Myklebost forklarar behovet for ressursen studentane skal kunne nytte seg av slik:
– Det er ofte nokon teksttolkingsferdigheiter av poesi, drama, teikneseriar og vanleg prosa som studentane ikkje har. Dei manglar ein del av det grunnleggande vokabularet. Difor har vi brukt mykje tid på dette i klasserommet med studentane, i staden for å gå i djupna på tekstane vi tek for oss.
Først hadde duoen tenkt å skrive ei bok om temaet, men planane vart raskt endra då dei såg ei utlysning frå Norgesuniversitetet om støtte til å lage ein digital ressurs.
– Fordelen med det vi utviklar no er at den ikkje har ein lineær struktur som ei bok. Her kan ein gå fram og tilbake på ein heilt anna måte, seier Myklebost.
Han fortel at nyvinninga, som vil bli unik i Norge, er mynta på engelskfaget for grunnskulelærarstudentar og engelsk årsstudium. Den er utvikla for å passe til studentar som har gått i den skandinaviske skulen.
Produsert mykje
Til no er to av dei totalt fem modulane klare. Prosjektet skal være sluttført i juni, men ein betaversjon er allereie laga. Den har vore testa ut på studentar ved Høgskulen i Volda og ved institusjonane der fagfolka som besøkte Volda torsdag kjem ifrå.
– Vi har produsert mykje innhald både i form av video og tekst så langt. No framover skal vi arbeide med å få det over på plattforma vår, seier Myklebost.
I utviklinga av den digitale ressursen har dei hatt og vil få stor hjelp i tida framover frå både Avdeling for mediefag og IT-kontoret. Animasjonsstudentar har mellom anna laga filmar, og IT-tilsette vil vere mykje inn i det vidare arbeidet med tekniske løysingar.
Prosjektet er Open Access, til fri bruk for alle, og vil på den måten vere tilgjengeleg for alle institusjonar som ønsker å nytte seg av det.