Vårspel i Ivar Aasen-tunet frå 2. til 4. april

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Onsdag blir programmet for Festspela presentert, og lanseringa blir følgt opp av fleire arrangement i Aasen-tunet. Olav Stedje er ein av dei som kjem til tunet onsdag, torsdag kveld kjem Jostein Fet for å kåsere om J. W. Goethe og lese eigne gjendiktingar av Goethe-dikt og folkemusikkgruppa Majorstuen spelar opp, og fredag er det biografisjangeren med Stephen Walton og salmediktaren Bernt Støylen som står i sentrum.

 

Program for vårspela 2-4 april:

ONSDAG 2. APRIL 19.00–19.45 Kafeen, Ivar Aasen-tunet

Innsats Festspela 2008! 
Vel møtt til alle som vil vere frivillige under Dei Nynorske Festspela 25. – 29. juni

 

ONSDAG 2. APRIL 20.00–21.00 Salen, Ivar Aasen-tunet.

Vårspel med gamle og nye festspelutøvarar

Festspeldiktar Lars Amund Vaage, Olav Stedje m.fl. Kr 75

 

TORSDAG 3. APRIL 19.00–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet

Natur og Eros

Jostein Fet kåserer om J.W. Goethe, gjendikting og les eigne gjendiktingar av Goethe-dikt

Kr 75

 

TORSDAG 3. APRIL 21.00–22.15 Salen, Ivar Aasen-tunet

Majorstuen

Jorun Marie Kvernberg (fele), Andreas Ljones (fele/bratsj), Synnøve S. Bjørset (fele/bratsj), Gjermund Larsen (fele/cello) og Tove P. Dalbakk (fele/cello)

Kr 150 / 75 honnør og student

 

FREDAG 4. APRIL 11.30–12.30 Salen, Ivar Aasen-tunet

Skaff deg eit liv!

Foredrag av Stephen J. Walton om biografien som sjanger og problem

I samarbeid med Ivar Aasen-instituttet og Det Norske Samlaget

Kr 50

 

FREDAG 4. APRIL 19.00–20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet

Ein vårkveld med Bernt Støylen

Olga Støylen Runde presenterer den nye biografien om biskopen og salmediktaren Bernt Støylen

Salmesong

I samarbeid med Det Norske Samlaget

Kr 150 / 100 / 75 Gratis for gjester frå andre sida av Eiksund-sambandet

 

Du kan lese meir om vårspela og dei ulike arrangementa på Ivar Aasen-tunet sine sider.

Del på