Avlyser all studentutveksling hausten 2020

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har vedteke å avlyse all studentutveksling for haustsemesteret 2020. – Dette inkluderer utveksling, praksis og studieturar i utlandet, og gjeld både for innreisande og utreisande studentar, seier høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen.

Høgskuledirektøren
Høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen

– Avgjerda er tatt fordi vi ikkje kan garantere studentane gode nok rammer rundt eit opphald i utlandet når det gjeld omsynet til tryggleik, fagleg kvalitet og sosialt utbytte. UD sine reiseråd og regjeringa sitt forslag om restriksjonar på innreise fram til jul har vore viktige moment.  Vi synes det er leit at studentane våre ikkje får moglegheit å reise ut og at vi ikkje får gleda av internasjonale utvekslingsstudentar på høgskuleområdet i haust,  men med å så mykje usikkerheit meiner vi det ikkje er forsvarleg å gjennomføre utveksling til hausten, seier høgskuledirektør Lomeland Jacobsen.

Høgskuledirektøren understrekar at denne avgjerda gjeld ikkje internasjonale studentar som har fått opptak til studieprogram som Norsk for internasjonale studentar (NIS) og Master in Media Practices (MMP).

 

Del på