Karrieredagane

Kjære 10-klassing!

Velkommen til Karrieredagen 2023 på Søre Sunnmøre.

I løpet av nokre innhaldsrike timar vil du få smakebitar av utdannings- og yrkesvegar, og lære meir om arbeidslivet i Møre og Romsdal. Kanskje blir det då lettare for deg å velje programområde i vidaregåande opplæring.

Under Karrieredagen møter du representantar frå dei vidaregåande skulane, opplæringskontora, høgskulane, i tillegg mange bedrifter i privat og offentleg sektor.

Karrieredagane vert i år arrangert 27. og 28. september i Ørstahallen. Alle programområde i vidaregåande opplæring vil vere representert, i tillegg til «Høgare utdanning i Møre og Romsdal». 

Arrangementet vil gå føre seg mellom kl.09.00 og kl.15.00.

Alle deltakarar, både elevar og lærarar vil få gratis lunsj under arrangementet. Elevar frå Restaurant og matfag ved Herøy og Ørsta vidaregåande skule, vil stå for matserveringa.

Partnarskapsgruppa for Søre Sunnmøre 

På Søre Sunnmøre koordinerer Høgskulen i Volda prosjektet.

  • Torill Engeseth (Høgskulen i Volda og koordinator for Karrieredagane Søre Sunnmøre). 
  • Jan Thormodsæter (Maritim forening Søre Sunnmøre)
  • Fredrik Linge Klock (Opplæringskontoret for bygg og anleggsteknikk)
  • Lars Humlen (Opplæringskontoret for maritime fag, Nordvest)
  • Heidi Åmbakk (Ørsta ungdomsskule)
  • Beate Mork (Ørsta vidaregåande skule)
  • Gunnhild Snipsøyr (Ulstein vidaregåande skule)
  • Randi Kalland (Volda vidaregåande skule) 
  • Alf Olger Dypvik (Herøy vidaregåande skule)
  • Ove Krumsvik (Volda ungdomsskule)

 

Treng du rettleiing om utdanning og yrkesval?

Torill Engeseth   Torill Engeseth, koordinator
   E: torill.engeseth@hivolda.no

   M: 458 06 705, T: 70 07 50 90