Karrieredagane viser veg frå klasserom til yrkesliv

Tekst: Vilde Moltudal Igland , Foto: Live-Susann Brautaset Myklebust

- Oppdatert

Rundt 800 elevar frå 7 kommunar var samla i Ørstahallen på Karrieredagane for Søre Sunnmøre 27. og 28. september. Her fekk dei ein smakebit på skule-, studie- og yrkesliv!

Om Karrieredagane på Søre Sunnmøre

Dagane er i hovudsak for 10. klassingar, og gir ein smakebit på moglege utdannings- og yrkesvegar. Her fekk dei presentert programområde for vidaregåande opplæring og høgare utdanning i Møre og Romsdal, samt bedrifter frå privat og offentleg sektor.

Karrieredagane for Søre Sunnmøre er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda (HVO), og det går inn under faget «Utdanningsval» i grunnskulen. Rådgjevar Torill Engeset ved HVO, er koordinator for Karrieredagane på Søre Sunnmøre og arrangerar dagane i samarbeid med opplæringskontor, vidaregåande skular og næringsliv gjennom ei partnarskapsgruppe.

Ei unik moglegheit for elevane 

Arnstein Vatsaas, lærar på Volda ungdomsskule, fortel at dei jamleg jobbar med utdanningsval og at det er eit eige fag på skulen. Elevane får dermed grundig gjennomgang av dei ulike studieretningane gjennom tida på ungdomsskulen, men han påpeikar at det heile blir mykje meir konkret når ein deltek på ein slik dag

– Det er nok lettare for elevane å kunne spørje om ting dei måtte lure på. Det er veldig fint at dei også får delta i den praktiske biten som nokre av linjene tilbyr. Elevane får teste ut dei ulike yrkesretningane, ulike yrka, og nokre av dei ulike tinga som dei jobbar med innan studieretningane. Det er veldig bra og ei unik moglegheit til å kanskje få svar på dei spørsmåla som vi lærarar ikkje kan gje dei, fortel Vatsaas.

Fint også for dei postansvarlege  

Ein annan som også er positiv til karrieredagane er Hilde Aaslid, ho er fag- og karrierekoordinator på helse og oppvekstfag ved Ørsta vidaregåande skule. Ho fortel at dette er ein veldig god moglegheit for tiande-klassingane til å bli kjend med framtidige yrker, og kanskje finne ut av både kva ein ynskjer å bli, men også kanskje kva ein ikkje ynskjer å arbeide med. Ho påpeikar at det også er fint for hennar elevar som bidreg som postansvarlege under dagen, som får representere yrkesretninga si.  

– Eg tenkjer det er flott at dei får lov til å fortelje om sin yrkesveg. Vi har hatt fokus på at det er elevar som skal fronte sine fag, og det gir dei også ein stoltheit rundt den yrkeslinja dei har valt. Vi ser at det er veldig kjekt for både dei vidaregåande-elevane, men også for tiande-klassingane å bli møtt av andre elevar. Eg trur at det gjer det lettare å spørje dei som er på litt same nivå enn å spørje oss lærarar eller andre personar, det trur eg heilt sikkert, seier Aaslid.  

Nysgjerrige på Læringsverkstaden sin robot

Studentambassadørane Torvald Ljostveit Reiersen, Thea Lerbekk, Dorthea Nygård Heen og Guro Opsahl Olsen, i tillegg til praksisstudent Live-Susann Brautaset Myklebust, representerte Høgskulen i Volda under Karrieredagane.

Dei fekk snakke med elevane om dei mange ulike studietilboda til HVO, samt vise fram noko av det meir leikne utstyret som vert utvikla og nytta av Læringsverkstaden ved høgskulen.

Elevane (og lærarane) som kom innom standen til HVO fekk nemleg konkurrere mot Læringsverkstaden sin robot, som er programmert til å løyse Rubiks kube. Linea Myrene tok utfordringa på strak arm.

Viktig å vise igjen på Karrieredagane

– Dette er ein viktig arena for oss ved Høgskulen i Volda. Her får vi vise oss fram til elevane i regionen og synleggjere at det er ei flust med moglegheiter for unge som ønskjer å studere i Volda. Studentambassadørane våre gjer ein framifrå jobb i dette arbeidet, seier Torill Engeset, rådgjevar og koordinator for Karrieredagane.

Glimt frå Karrieredagane:

Del på