Fotografi i matematikkundervisninga - lunsjforedrag

Lunsjforedrag-antjemeier

Mange matematikkdidaktikarar har sett på natur, kunst, musikk og arkitektur med «matematiske» auge, og det gylne snittet er berre eitt eksempel. Matematikken er heile tida til stades i kvardagen vår, vi må berre oppdage han.

Høgskulelektor Antje Meier, Høgskulen i Volda, professor Markku S. Hannula og postdoktor Miika Toivanen, begge frå Helsingfors universitet, har stilt spørsmålet: Kan fotografi vere med på å skape og auke visuell merksemd for potensiell matematikk rundt oss? Dei har nyleg gjennomført eit matematikkdidaktisk forskingsprosjekt der matematikkstudentar i vidareutdanninga ved Høgskulen i Volda har vore med. 

I lunsjforedraget 6. desember vil Antje Meier presentere studentaktiviteten, forskingsmetoden og resultata frå prosjektet. 

Resultata frå prosjektet er også publiserte i nr. 2/2018 av tidsskriftet LUMAT: International Journal on Math, Science and Technology Education: https://www.lumat.fi/index.php/lumat/article/view/317 (Open Access/fri tilgang).

Ta med kopp og matpakke! Biblioteket spanderer kaffi og te :-)
Velkomne!

Del på