Lunsjarrangement: Frå bygda til Berkeley - å vere visiting scholars i USA

University of California

Kristin Kibsgaard Sjøhelle og Hjalmar Eiksund har begge vore eitt år som visiting scholars med utveksling frå Høgskulen i Volda til University of California, Berkeley. Hjalmar har vore stipendiat ved Institutt for språk og litteratur, og Kristin, som arbeider med norsk i lærarutdanninga, reiste rett etter avslutta Ph.d. Begge hadde tilhald ved Graduate School of Education. 

I foredraget sitt snakkar dei om ulike erfaringar frå det å førebu eit slikt forskaropphald, til det å delta i ulike forskargrupper med fagfolk frå eit amerikansk universitet. I tillegg deler dei nokre erfaringar om det å bu som familie i USA og svarer gjerne på spørsmål om opphaldet frå interesserte.

Ta med matpakke og kopp, det blir servert gratis kaffi/te

Alle er velkomne!

Kristin Kibsgaard Sjøhelle og Hjalmar Eiksund
Kristin Kibsgaard Sjøhelle og Hjalmar Eiksund


 

Del på