Lunsjarrangement og boklansering: Frå skule til vaksenliv

Bilete av boklanseringsarrangement
Foto: Per Straume, HVO. Bokomslag: link.springer.com
2023-03-10T11:30:00 - 2023-03-10T12:30:00

Sju forskarar med tilknyting til Høgskulen i Volda har skrive dei 14 kapitla i boka Life Course of Special Educational Needs Students:  Norwegian School Experiences and Long-term Consequences. Fredag 10. mars klokka 11.30 lanserer dei boka i høgskulebiblioteket.

Nyleg har det internasjonale forlaget Springer publisert boka, som er redigert av professorane Finn Ove Båtevik, Rune Kvalsund og Jon Olav Myklebust.

Boka er nr. 31 i Springers serie om livslang læring og byggjer på eit forskingsprosjekt som i 20 år har følgt 300 elevar som tok til på vidaregåande med særskilt tilrettelagd opplæring. Gjennom intervju og spørjeskjema er livsløpet til desse ungdommane kartlagt, mellom anna utdanning, arbeid, trygd, familieliv og sosiale relasjonar, både direkte ansikt til ansikt og formidla gjennom nettet.

Mange hjelpetiltak er sette i verk i vidaregåande opplæring for å hjelpe desse ungdommane, for eksempel ekstra oppfølging i spesialklasse og tett oppfølging av lærarassistent. Men analysane i prosjektet viser at desse tiltaka har heller dårleg effekt, både på kort og lang sikt.

Meir om dette kjem under boklanseringa, der også teoretiske perspektiv og metodiske opplegg for prosjektet blir gjort greie for.

Dei tre nemnde redaktørane og førsteamanuensis Emmy Langøy skal ha korte innlegg. Dei tre andre forfattarane, professor Irene Bele, høgskulelektor Gerd Skjong og førstelektor Vidar Myklebust vil også delta i diskusjonen etter innlegga.

Nokre korte utdrag frå boka vil også bli utdelt.

Det blir servering av gratis kaffi og te, og du kan gjerne ta med lunsjen din.
Alle er velkomne!

Del på