"Ordene som steiner, skriften som kniv." Eit foredrag om Annie Ernaux ved forfattar Sandra Lillebø

Foto av Annie Ernaux
Fotografi av Annie Ernaux. Foto: Catherine Hélie © Editions Gallimard.
2023-03-03T12:00:00 - 2023-03-03T13:00:00

Fredag 3. mars blir det igjen lunsjarrangement i biblioteket!

Den franske forfattaren Annie Ernaux (f. 1940) fekk Nobelprisen i litteratur i 2022, og har blitt ein av vår samtids mest lesne og feira forfattarar. Ho debuterte med romanen "Les Armoires vides" i 1974, og har sidan skrive seg inn i ein sjølvbiografisk tradisjon, men bøkene hennar femner samstundes om menneskelivet i si alminnelegheit. Det handlar om sosial klasse, kjønn og kultur, men også om det aller mest intime.
Sandra Lillebø (f. 1978) er forfattar, journalist og kritikar. Ho har møtt og intervjua Ernaux fleire gonger, og er av dei i Noreg som kjenner forfattarskapen aller best.
Det blir servering av gratis kaffi og te, og du kan gjerne ta med matpakken din.

Alle er velkomne!

 

Del på