Skrivekveld i biblioteket
![Skrivekveld i biblioteket Skrivekveld i biblioteket](/sites/default/files/styles/hero_media/public/2018-04/bilde_skrivekveld_042018.jpg?h=c673cd1c&itok=uzz3nnCq)
Skal du snart levere oppgåve? Treng du hjelp med litteratursøk eller skriving?
Få hjelp av oss på biblioteket!
Kl. 14.00–18.00: Individuell rettleiing for litteratursøk og oppgåveskriving
- Litteratursøk
- Tema for skriverettleiinga kan vere problemformulering, struktur, argumentasjon, drøfting/diskusjon, akademisk språk eller andre spørsmål. Ta med utkastet av teksten du jobbar med. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å kome vidare med skrivinga.
- Råd som går på fagleg innhald, får du hos rettleiar på faget
Meld deg på i skranken eller på e-post
Kl. 14.00–18.00: «Drop-in» kjelder og referansar
Kl. 14.00–16.00: «Drop-in» IT-hjelp
- Har du spørsmål om Word, kan Jørn frå IT-kontoret hjelpe deg med dette.
Ta med:
• Oppgåve og notatar
• PC/Mac og skrivesaker
• Matpakke og drikke