Amdam og Bergem opnar webinarserie om offentleg innovasjon

2023-09-28T13:00:00

28. september kl. 13.00 inviterer INNOFF til Zoom-webinar med professor Roar Amdam og dosent Randi Bergem. Temaet er behovet for individuell samhandlingskompetanse i samarbeidsprosessar mellom offentleg, privat og frivillig sektor. Dette har vore eit viktig tema i Amdam sitt arbeid siste åra. Bergem vil leie samtalen mellom dei to.

I samtalen vert det snakka om vilkår for samhandling, og kva som skal til for å skape samarbeidsdrivne utviklingsprosessar.

Det er Roar Stokken som har invitert Amdam og Bergem til å halde webinaret. Stokken sit i styret for INNOFF-nettverket for Høgskulen i Volda. Nettverket er eit nasjonalt nettverk for forskarar og har som føremål å synliggjere og aktualisere forsking, og forbetre samspelet mellom forskarar og andre aktørar i høve innovasjon i offentleg sektor. Gjennom INNOFF-webinarene ønskjer nettverket å skape ein arena der personar med interesse for innovasjon i offentleg sektor kan møtast for kunnskapsutvikling og kunnskapsutveksling.

Stokken fortel at det er særs kjekt at Amdam stiller som først ut i webinarserien sidan han var ein viktig person i oppstarten av nettverket. I tillegg er han å rekne som nestor på feltet.

Zoom:

Lenke til Zoom-webinar
Passord: 299186

Del på