Norges fiskeri- og kysthistorie

Første foredraget dreiar seg om 1700-talet. Ei hovudsak vert forteljinga om korleis kjøpmenn langs store delar av kysten endra strategiar. Dei gjekk frå ei nokså stillesittande rolle som mottakarar av fiskeleveransar, til aktive og oppsøkande roller. Dei organiserte også meir av sjølve tileverkinga – særleg når det galdt dei nye og meir kapitalkrevjande produkta. Dei var på mange måtar drivhjula i den ekspansjonen som fann stad på 1700-talet.

Det andre foredraget handlar om 1800-talet. Her fortel vi om ein ny og eventyrleg ekspansjon i klippfisk- og sildeeksporten og jamvel eit begynnande permanent bank- og havfiske. Denne ekspansjonen fekk klare følgjer for kystsamfunna: etablering av byar og tettstader, flytting frå fjord til kyst og frå sør til nord og danning av eit «nytt» handelsborgarskap.

Tematikken i begge foredraga gjeld heile landet, men vi vil særleg trekke fram avgjerande hendingar i vårt eige fylke.
 

Del på