Vocalese 2017

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

MisMasters_des_2016_620.jpg

MixMasters er eit storband som vart starta opp tidleg på 80-talet. Musikken er i hovudsak swing frå 30-talet i tradisjonen til Glen Miller, Benny Goodman, Count Basie og dei andre store storbandleiarane frå tida då jazz var popmusikk.

Ketil Rasmussen er dirigent og musikalsk leiar i MixMasters. I tillegg til å vere ein dyktig dirigent, er han ein framifrå vokalist og klarinettist med stor kunnskap om musikkstilen.

Samarbeid

Som rektor og lærar ved Stryn kulturskule har Rasmussen lært opp mange unge til å like denne forma for storbandmusikk, og i mange år har MixMasters og kulturskulen i Stryn samarbeidd om denne typen konsertar der unge talent får synge med eit etablert storband.

No er samarbeidet utvida, og elevar frå kulturskulen i Volda og studentar frå Høgskulen i Volda bidrar på årets «Vocalese – ei reise i underhaldningsmusikken».  

Vokalistar_HVO_MM_620.jpgSolistane frå musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda.

HVO-studentar

Inger Marie Holsen, Sarah Helland, Solveig Nes Ertresvåg, Nathalie Blindheim Kanestrøm er musikkstudentar ved Høgskulen i Volda. Dei gler seg til å ta publikum på ei reise i underhaldningsmusikken.

– Det er spennande å få synge med eit ekte storband, og det har vore gjevande å bli kjent med den klassiske jazz- og storbandmusikken, seier dei.

Høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda har vore sentral for å få til samarbeidet mellom musikkutdanninga og storbandet MixMasters.

– Det er viktig for oss at våre studentar får høve til å synge med ekte storband – det er det få musikkutdanningar som kan skilte med, seier han.

SH_620.jpgHøgskulelektor Svein Hunnes (til venstre) med nokre av solistane frå ein tilsvarande konsert i 2016.

Del på