Nettverk for kvinner innan forsking ved HVO

Nettverk for kvinner innan forsking ved HVO er eit av tiltaka i høgskulens sitt NFR-prosjekt: Kvinneløftet.

Nettverket er ope for alle kvinnelege fagtilsette ved HVO, og skal bidra til å knyte band mellom kvinner på ulike trinn i karrieren, tilby kunnskap om mellom anna prosjektleiing, formidling og akademisk publisering, og korleis ein kan planlegge for eit framtidig opprykk.

Nettverk for kvinner innan forsking ved Høgskulen i Volda er organisert internt i Teams. Her finn deltakarane mellom anna informasjon om karriereplanlegging, reglement i høve opprykk, nyttige lenker og artiklar, samt informasjon om hendingar og samlingar som vert arrangert i samband med Kvinneløftet.

I nettverket vert det arrangert fire samlingar i året, der ein arbeider med ulike tiltak kring kompetanseheving og karriereplanlegging. Dette kjem i tillegg til dei andre tiltaka som Kvinneløftet arrangerer: Opprykksseminar, mentorordning og skrivekurs. 

Kontaktperson: Forskingssjef Henriette Hafsaas.

Arrangement i 2021:

11. februar: FNs internasjonale dag for kvinner innan forsking, avspark for Kvinneløftet

3. juni: Nettverkstreff: Foredrag med Lynn P. Nygaard (PRIO): “Academic publishing from a career and gender perspective: Supporting women on the path to professorship” 

7.oktober: Nettverkstreff: Foredrag med Linda FlugeHersketeknikker - hva er det og hvordan håndtere dem?

17.desember: Nettverkstreff: Digitalt treff om planer for nettverksaktiviter for 2022.  

Arrangement i 2022:

28.januar: Nettverkstreff: Forskingsleiing v/Siv Gamlem og Wenke Mork Rogne.

23.mars: Nettverkstreff: Speeddating for HVO-kvinner innen forskning: hvem er vi og hva forsker vi på?

14.juni: Nettverkstreff. Korleis finne tid til å skrive? v/Marie Nedregotten Sørbø

21.september: Nettverkstreff: Dialogcafé: Hvordan får vi flere kvinner ved HVO til å bli toppkompetente (professor og dosent)?

23.november: Nettverkstreff. Engasjerende muntlig formidling v/Hege Holmqvist Synnes