– Vurdering skal vere rettferdig
Professor Siv Måseidvåg Gamlem skal delta på den nasjonale fagkonferansen som Nynorsksenteret arrangerer 19.–20. november på Hamar.
Professor Siv Måseidvåg Gamlem skal delta på den nasjonale fagkonferansen som Nynorsksenteret arrangerer 19.–20. november på Hamar.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Gamlem jobbar ved institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda. Ho har lang erfaring med vurdering, tilbakemelding og læringsprosessar og har vore ein støtteperson for Utdanningsdirektoratet i arbeidet med vurdering heilt sidan 2007. No er ho medlem i ei ekspertgruppe som skal evaluere eksamensordninga i samband med fagfornyinga.
– Vi har lagt stor vekt på at eksamensordningane skal opplevast som rettferdige, seier Gamlem.
Eksamensgruppa skal levere tre rapportar til Utdanningsdirektoratet, der den siste er sluttrapporten som skal leverast i januar 2020. Dei har også gitt råd til læreplangruppene i arbeidet med eksamensordningane for dei ulike faga.
Få meir informasjon på Utdanningsdirektoratet sine sider
Norskfaget i fagfornyinga
Norskfaget i fagfornyinga skal stå i fokus på Hamar. Gamlem ønskjer å ta opp spørsmål om vurdering som er aktuelle for lærarar:
– Kva kjenneteiknar vurdering som støtte for læring? Kvifor skal ein involvere elevar i vurderingsarbeid – og korleis kan ein gjere dette?
Tilbakemelding er sentralt i norskfaget, men kva inneheld tilbakemeldingane – og korleis vert dei brukte?
– Eit dilemma kan vere at læraren opplever at den same vurderingsinformasjonen vert gitt til elevar fleire gonger, og at elevane ser ut til å ikkje bruke informasjonen. Kva er dette eit uttrykk for – og kva kan læraren gjere for å bruke denne informasjonen til å justere undervisninga til betre læring for elevane?
Gamlem fortel at vurderingsarbeid handlar mykje om å tenkje på prosess, strategibruken til elevane og emosjonell og fagleg støtte.
Faglege tilbakemeldingar
Elevar ønskjer meir tilbakemeldingar i klasserommet, og kvaliteten på den faglege dialogen mellom lærar og elev kan utviklast. Det viste forskinga til Gamlem, som tok doktorgraden i utdanningsvitskap ved Universitetet i Stavanger i 2014. Gamlem framhevar at tilbakemeldingar i skulen ikkje er tente med å vektlegge rangerande informasjon. Det bør vere informasjon som stadfestar kvalitet ved det eleven gjer, og som viser veg for vidare læring.
– Alle elevar i skulen meistrar noko – men på ulike område og på ulikt nivå. Alle elevar kan utvikle seg, og arbeidet i skulen handlar om å støtte elevar til betre læring, forståing og meistring, fortel ho.
Vurdering for læring-satsinga som byrja i 2010, har involvert både grunnskule- og vidaregåande trinn, og vart avslutta i 2018. Denne satsinga handla nettopp om korleis arbeid med vurdering kan fremme læring – og her har mange skular gjort ein stor jobb med å utvikle vurderingspraksis og vurderingskulturen på skulen.
Internasjonalt samarbeid
I fjor vart det oppretta eit internasjonalt nettverkssamarbeid der 14 land er med.
– I nettverket diskuterer vi utfordringar og moglegheiter med vurdering. Vi ser på korleis vurdering kan vere med på å styrke læring og gi utgangspunkt for opptak til vidaregåande- og høgare utdanning, men også korleis bruk av vurdering kan utvikle undervisningskvalitet, fortel Gamlem.
Fleire av problemstillingane går igjen på tvers av landegrensene. Deltakarane i nettverket diskuterer mellom anna forståinga av konseptet «vurdering», og dei ser på samanhengane mellom undervegsvurdering, sluttvurdering og eksamen. – I Noreg har mange lærarar utvikla god kompetanse på arbeid med undervegsvurdering, men har vi vore like gode på å utvikle elevane sin vurderingskompetanse, og kva tenker vi om eksamen? spør ho.
Program og påmelding til Nynorskkonferansen på Hamar
Påmeldingsfrist: 15. oktober