Ny bok om handteringa av pandemien
Kva lærdom kan helsesektoren ta med seg frå samarbeidet under koronakrisa? Sidan 2021 har dette vore temaet for eit forskingssamarbeid i Møre og Romsdal. No kjem resultatet i bokform med utgivinga «Lokal handtering av koronapandemien», redigert av mellom andre HVO-professor Roar Amdam.

Bokomslaget til venstre: Scandinavian University Press. Foto av HVO-professor Roar Amdam: Olav Standal Tangen.
Covid-19 pandemien, som braut ut i mars 2020, sette både verdssamfunnet og Noreg på svært utfordrande prøver. Her i landet resulterte pandemien mellom anna i eit krisesamarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.
For å undersøke kva lærdom vi kan ta med oss frå samhandlinga under pandemien, blei det i 2021 etablert eit forskingssamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund og brukarutvalet i Møre og Romsdal.
Samarbeidsprosjektet fekk tittelen «Før, under og etter koronapandemien – kva lærdom kan spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og brukarrepresentantar ta med seg frå samarbeidet om pandemien?» Føremålet med prosjektet var å studere pandemihandteringa i Møre og Romsdal fylke. I mai kjem det ut ei bok som er resultatet av dette prosjektet.
Lokal handtering av koronapandemien
Boka har fått namnet Lokal handtering av koronapandemien, er redigert av HVO-professor Roar Amdam, Anne Strand Alfredsen Larsen (Helse Møre og Romsdal) Sølve Mikal Krekvik Nerland (Høgskolen i Molde) og Berit Kvalsvik Teige (Helse Møre og Romsdal) og har dessutan bidragsytarar frå alle dei samarbeidande institusjonane.
Boka er basert på studiar av kriseleiinga både hos kommunane og helseføretaket og samhandlinga mellom desse, i tillegg til at brukarperspektivet er studert gjennom auga til brukarutvalet i helseføretaket og deira oppleving av pandemien. Funna frå desse studiane blir drøfta i ulike teoretiske perspektiv, der føremålet er å forstå og forklare pandemihandteringa med tanke på å kunne lære for framtida.
Kapitla er bundne saman av seks korte historier skrivne av både fagpersonar og pårørande, som fortel om sine personlege opplevingar med pandemien. Her kan du høyre frå mellom anna kommuneoverlege, smittevernoverlege og beredskapssjef.
Tre tema står sentralt
Forfattarane har sett på følgjande tema:
- brukarmedverknad
- styringsstruktur
- krisesamarbeid
Bakgrunnen for valet av tema er at desse temaa inngår som sentrale element i overordna føringar som ny Nasjonal helse- og sjukehusplan og avtale om etablering av helsefellesskap.
Evna til å samhandle lokalt – både fag- og forskingsmessig, administrativt og politisk – vil påverke evna til å operasjonalisere den nasjonale helsepolitikken. Funn og konklusjonar i prosjektet vil derfor vere viktige bidrag for fleire målgrupper med tanke på å lære for framtida.
Boka er lansert elektronisk 29. april, og eit trykt opplag blir tilgjengeleg i mai.
- For meir informasjon kan du kontakte prosjektleiar Anne Strand Alfredsen Larsen: anne.strand.alfredsen.larsen@helse-mr.no