Nasjonal festkonsert

portrett
2023-05-17T20:00:00 - 2023-05-17T22:00:00

Tradisjonen tru vert det festkonsert på nasjonaldagen 17. mai i Volda kyrkje med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, i år dirigert av Elizabeth Oltedal. Orkesteret vil spele eit sprudlande program med norsk musikk som spenner frå kjende nasjonalromantiske verk til folketonar og Prøysenviser.

gitarist
Torgrim Skjerdal

I tillegg vert det urframføring av eit heilt nytt stykke komponert av Sunnmøringen Torgrim Skjerdal. Skjerdal er sentral i coverbandet Pineapple Express. Som komponist skriv han med rytmisk snert og fengande melodiar og med innslag av jazz og rock. Dette er nok berre det første av mange stykke han kjem til å skrive for symfoniorkester.

Hovudverket i festprogrammet er Edvard Grieg sin Klaverkonsert i a-moll, Op. 46. Solist i år er Eirik Stave (17 år) frå Ørsta. Eirik går no siste året på Volda vidaregåande skule. Han har spelt piano frå 4-års alderen og har vore med i talentutviklingsprogram på regionalt og nasjonalt nivå. Til hausten tek han til med klaverstudiar ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. Eirik har vore solist med orkesteret fleire gongar tidlegare, sist i 2022 med «Rhapsody in Blue» av Gershwin. Han spelte første sats av Griegs a-mollkonsert med Trondheim symfoniorkester i 2021, men dette vert første gong han framfører heile klaverkonserten for eit publikum.

Billettar:

  • Billettsal ved inngangen: kr 350,-
  • Gratis inngang for born, ungdom og studentar (mot framvising av studentbevis).

Vel møtt til denne feiande flotte avslutninga på nasjonaldagen!

Del på