ANT263 Animasjonsteori 3: Animasjon og verda

Emnekode: 
ANT263
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Animation theory 3: animation and the world
Emnenavn på bokmål: 
Animasjonsteori 3: Animasjon og verden
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANI161 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm
ANT161 Animasjonsteori 1: Kva er animasjon?
ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon
Om emnet

Korleis er animasjon med på å forme korleis vi oppfattar verda? Korleis framstiller animasjon faktiske fenomen i verda? Kva for etiske implikasjonar har desse framstillingane? Korleis har animasjon blitt brukt som dokumentarisk og propagandistisk medium? Dette er sentrale spørsmål i dette emnet, som rettar blikket mot animasjon som eit fenomen i den historiske og sosiale verda. I emnet drøftast ansvaret ein har som animatør i verda, og spørsmål knytt til animasjon som framstillingsform og ei sosial kraft i samfunnet.

Det kan vere variasjon i tema frå år til år, men gjennomgåande nøkkeltema er dokumentarisk animasjonsfilm, propaganda, framstillingsomgrep som stereotypi og klisje, og nasjonale og feministiske perspektiv på animasjon.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha kunnskap om

  • teoretiske perspektiv på animasjon som ei sosial kraft i verda
  • feministiske perspektiv på animasjon
  • nasjonale perspektiv på animasjon
  • animert dokumentar
  • animasjon brukt som propaganda
  • stereotypiar innan animasjon
Ferdigheiter

Studentane skal evne

  • å reflektere over relasjonen mellom animasjon og samfunnet
  • å reflektere over relasjonen mellom animasjon, samfunnet og si eiga rolle som animatør
  • å analysere korleis animasjonsfilm framstiller og tematiserer fenomen i verda
  • å analysere og reflektere over kva som kjenneteiknar animert dokumentar
Generell kompetanse

Studentane skal kunne

  • sjå sitt fagområde frå eit kritisk og etisk perspektiv
  • evne å tenke kritisk om si eiga rolle i storsamfunnet og verda
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Gjennomføringa av emnet skjer i hovudsak i form av forelesingar og seminar. Det blir lagt vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane, lese tekster om animasjon, og snakke om teoretiske tema i lys av dette. Det blir også lagt opp til ein del sjølvstendig lesing av pensumlitteratur.

Studenten skal i løpet av semesteret levere ei skriftleg øvingsoppgåve. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Endre Eidså Larsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Omlag 2500 ord
Godkjent av: 
Kate Kartveit