Medieproduksjon

Medieproduksjon

Bachelorgrad

Studieprogrammet Medieproduksjon er ei praktisk-teoretisk treårig utdanning. Studentane jobbar med å utvikle, planlegge og gjennomføre produksjonar innan dokumentar, oppdragsfilm og livestreaming.

Større prosjektarbeid og ekstern praksis inngår som ein del av studiet.

  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. Det krevst ingen forkunnskapar innanfor mediefag. Det faglege innhaldet i første studieår er på eit grunnleggande nivå.

     

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Innblikk i kva studentar ved Høgskulen i Volda har laga. Studentproduksjon av Andreas, Oskar og Anders

Innblikk i kva studentar ved Høgskulen i Volda har laga. Studentproduksjon.

Først Volda, så Verda

Tre studenter ved medieproduksjonsstudiet ønsket å utfordre seg selv i praksis. Resultatet ble at de tok initiativ til å lage reklamefilm for Høgskulen i Volda. Tilbakemeldingene var over all forventning.

Tre studenter ved medieproduksjonsstudiet ønsket å utfordre seg selv i praksis. Resultatet ble at de tok initiativ til å lage reklamefilm for Høgskulen i Volda. Tilbakemeldingene var over all forventning.

Studieinnhald

Den praktiske delen av studiet har fokus på historieforteljing med foto og video. Studentane lærer idé- og konseptutvikling, research, visuelt språk og produksjonsteknikk, og får erfaring frå arbeid med regi, foto, lyssetting, lyd, klipp og produksjonsleiing.

I den teoretiske delen av studiet lærer du sentrale omgrep og teoriar for analyse av audiovisuelt medieinnhald, teoriar om forholdet mellom media og publikum, og mediemakt.  Du får opplæring i akademisk skriving og forskingsmetode. Relevant mediejuss og -etikk er integrert i fleire emne i bachelorgraden.
 

Praksis og utveksling i utlandet

Det er mogleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet, med utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar. Sjå moglege samarbeidsinstitusjonar.

 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er ein kombinasjon av forelesningar, workshop, prosjektarbeid og rettleiing. Undervisninga vert i periodar organisert som intern praksis, der studentane jobbar i grupper med å produsere dokumentar- og oppdragsfilm.

Det vert nytta ulike vurderingsformer i dei ulike emna, sjå emneplanar. 

For å oppnå eit tilstrekkeleg godt kompetansenivå i medieproduksjon, er det nødvendig at du som student engasjerer deg aktivt i eiga læring. Det forventast at du bruker tid til å arbeide med faga i tillegg til organisert undervising, både i praktiske og teoretiske emne. 

Du vil jobbe både individuelt og i grupper. Det kan bli undervist på engelsk i enkelte emne. 

Det er en stor fordel om du har eigen berbar datamaskin som er eigna til programvare for redigering av foto og video. 
 

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein Bachelor i medieproduksjon får du breiddekompetanse på audiovisuell produksjon, som kvalifiserer deg for å jobbe med utvikling og produksjon av medieinnhald i ulike sjangrar, på ulike plattformar.

Du får ein kompetanse som kan nyttast i fleire medieprofesjonar. Eksempel på tre yrkesretningar for kandidatar som har fullført Bachelor i medieproduksjon:

•    Jobbe i produksjonsselskap eller mediehus med produksjon av dokumentarar og/eller kommersiell innhaldsproduksjon.
•    Jobbe i kommunikasjonsavdelinga til ei verksemd eller i ein organisasjon med produksjon av audiovisuelt innhald.
•    Starte eige enkeltpersonsforetak, og produsere mindre audiovisuelle produksjonar på oppdrag frå kundar.

Du får også eit godt grunnlag for vidare studium på mastergradsnivå, som for eksempel Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestart for alle nye studentar som skal ta Bachelor i Medieproduksjon er tysdag den 20. august.

Etter felles oppstart for heile Høgskulen i Volda vil de finne fadrane i studieprogrammet Medieproduksjon som står klare med plakatar. De skal følgje fadrane til foajeen i Mediebygget for felles åpning for alle program knytt til Avdeling for mediefag.

Etter det blir det klassevise samlingar. De vil få ein kort introduksjon til dei to emna de skal følgje dette semesteret, og møte dei som underviser i studieprogrammet.

Introduksjonsveke:
•    Onsdag 21.08: undervisning frå 10-14.
•    Torsdag 22.08: undervisning frå 10-14.

Plan for heile semesteret vil bli publisert på Canvas ved studiestart.

Dei faste undervisningsdagane er: mandag, tysdag og torsdag.

Men det vil vere avvik frå desse tidene nokre veker, og korrekte tider for kvar veke ser du på semesterplanen for emnet.
 

Studieplan

Medieproduksjon - bachelor

Studieprogram: 
Medieproduksjon - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
36
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Ynskjer du eit kreativt yrke? Ved bachelor i medieproduksjon jobbar du med innhaldsproduksjon i ulike sjangrar, og lærer å skrive, produsere og distribuere historier med lyd og bilde. Du skal utvikle konsept til medieproduksjonar, og produsere innhald til ulike plattformer.

Studieinnhold


Medieproduksjon er eit praktisk-teoretisk studieprogram. Du lærer om idé- og konseptutvikling, dramaturgi, visuell historieforteljing, medievitskap, og jobbar med profesjonelt kamera- og lydutstyr. Gjennom studiet utviklar du kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter, og evne til å bruke dei på tvers av ulike roller og produksjonar. Det blir lagt vekt på teamarbeid og samarbeidsevner, og i studiet inngår internt og eksternt prosjektarbeid og produksjonspraksis. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein bachelor i medieproduksjon kvalifiserer du deg for mange ulike kreative yrke. Du kan jobbe med utvikling og produksjon av medieprodukt i ulike sjangrar, og med innhaldsproduksjon til ulike plattformer. Du får også eit godt grunnlag for vidare studiar på mastergradsnivå, som for eksempel Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten skal ha

  • kunnskap om etablerte prinsipp innan innhaldsproduksjon
  • kunnskap om dramaturgi og forteljarteknikkar
  • kunnskap om medieformer, sjangrar og teknologisk utvikling
  • kunnskap om medievitskap og kommunikasjonsteori
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • utvikle kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter, og kunne bruke dei på tvers av ulike roller og produksjonar
  • utvikle målgrupperetta konsept for audiovisuelle produksjoner til digitale plattformer
  • analysere og evaluere medieinnhald 
  • utvikle ferdigheiter innenfor akademisk oppgaveskriving
  • gjennomføre undersøkingar og kjeldearbeid for akademiske oppgaver, rapportar og kreative prosjekt, med bruk av metodar som passar til formålet
  • samarbeide med andre i tverrfaglege team
  • reflektere over eiga personlege, faglege og akademiske utvikling
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, både individuelt og i samarbeid med andre
  • produsere medieprodukt i samsvar med ein brief
  • demonstrere kunnskap om relevante faglege og etiske problemstillingar
  • formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer

 

Organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga er organisert som ein kombinasjon av teori og praksis, med førelesingar, arbeidsverkstadar og praktiske oppgåver, både individuelt og i grupper. Det kan bli undervist på engelsk i nokre emne. Som ein del av studiet inngår både praksisopphald, prosjektarbeid og produksjonar for ulike interne og eksterne oppdragsgivarar. 

Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisinga. Du kan lese meir om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som eksempel ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar.

 

Krav til utstyr eller ferdigheiter

For auka kvalitet og kontinuitet krev vi at studentane har eigen bærbar datamaskin som er kraftig nok til å køyre programvare for bildebehandling og videoredigering, samt minnekort til bruk i kamera/lydutstyr.

Praksis

I studiet inngår intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis. Nærmare retningslinjer for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Internasjonalisering

Det er mogleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet, med utveksling til våre internasjonale samarbeidsinstitusjonar. Høgskulen i Volda tar også i mot både studentar og gjesteforelesarar frå utlandet. Det blir derfor undervist på engelsk i nokre emner og enkeltforelesingar.

Kostnader

Vi tilrår studentane å abonnere på Adobe Creative Suite. Det er studentrabatt på abonnement.

Studenten må pårekne nokre kostnader til materiell, samt transport og overnatting i samband med frivillige ekskursjonar. Meir informasjon om dette blir gitt i den enkelte emneplan, der dette er aktuelt.

Ansvarleg
Irene Hillestad
  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. Det krevst ingen forkunnskapar innanfor mediefag. Det faglege innhaldet i første studieår er på eit grunnleggande nivå.

     

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 223 845

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt