ANFIG161 Figurteikning 1

Emnekode: 
ANFIG161
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Figure Drawing 1
Emnenavn på bokmål: 
Figurtegning 1
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Figurteikning gir ein introduksjon til grunnleggande kunnskap om menneskelege proporsjonar, anatomi, bevegelse og komposisjon i samband med teikning. Emnets hovudmål er å gi studentane kunnskap om, og øving i, å teikne ut frå prinsipp for lineær konstruksjon. Forståinga av lineær konstruksjon legg grunnlaget for at studentane skal kunne behandle meir komplekse problem i Figurteikning 2 og 3. Emnet består av forelesingar og praktiske øvingar med rettleiing.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane vil ha grunnleggande kunnskap om

  • teikning av menneskekroppen
  • proporsjonar, bevegelse og komposisjon
  • korleis menneskekroppen kan reduserast til enkle geometriske former
  • korleis teikning kan brukast til å kommunisere
  • teoretiske begrep innan teikning
Ferdigheiter

Studentene vil ha grunnleggande ferdigheiter i

  • å teikne etter ein aktmodell
  • prinsipp for komposisjon, proporsjonar og lineær konstruksjon i teikning
  • å nytte teikning for å tolke visuelle opplevingar 
Generell kompetanse

Studentane vil

  • ha kunnskap om grunnleggande begrep innan teikning
  • ha kompetanse til å løyse teikneoppgåver innanfor oppgitte tidsrammer  
  • ha forbetra teikneevner, som vil hjelpe dei å tileigne seg animasjonsferdigheiter i andre samanhengar
  • kunne bruke teikning i praktisk problemløysing
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert rundt praktiske øvingar der studentane teiknar ein aktmodell. Dette vert supplert av ein teoretisk del  om grunnleggande kunnskap om anatomi, proporsjoner, bevegelse og komposisjon.

Når studentar teiknar etter ein levande aktmodell, vil tilnærminga vere avhengig av individuelt ferdigheitsnivå og progresjonstempo. Ein lærar vil rettleie dei gjennom deira individuelle problemløysing.

Forelesingar vil bli haldne på norsk, men utanlandske studentar får undervising på engelsk.

Ved slutten av semesteret vel studenten ut 5 større teikneoppgåver som leverast i mappeeksamen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
6
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Rory Thompson
Materialavgift

Studentane må sjølv sørge for å ha følgande grunnleggande verktøy: trekull, knetgummi og fiksativ. I tillegg kan dei trenge blekk, akvarell e.l. Anna naudsynt utstyr blir gitt av skulen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Godkjent av: 
Kate Kartveit