Semestre
MUS223 Komposisjon og improvisasjon
Musikk årsstudium eller tilsvarande.
Komposisjon og improvisasjon er eit emne der studenten skal finne potensial i eit musikalsk materiale og arbeide mot å utvikle eit personleg musikalsk uttrykk. I undervisinga vert det fokusert på varierte prinsipp og teknikkar for komposisjon og improvisasjon, og intuitive gehørsbaserte arbeidsmåtar i samspel. Emnet omfattar både skriftlege og praktiske arbeid. Studenten skal reflektere over eigenutvikling og kunstnarlege prosessar. Emnet kan vere ein basis for pedagogisk arbeid med komposisjon og improvisasjon i skulen, kulturskulen og det frivillige musikklivet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om
- ulike komposisjons- og improvisasjonsteknikkar
- intuitive prosessar
- forskings- og utviklingsarbeid innanfor feltet
- tverrfagleg arbeid innan kunstfaga
Kandidaten kan
- bruke komposisjons- og improvisasjonsteknikkar i eige kreativt arbeid
- nytte varierte notasjonsformer
- drøfte kompositoriske intensjonar, idèar og problemstillingar
- reflektere over eige musikkskapande arbeid, og drøfte ulike alternativ for vidareutvikling
Kandidaten
- har innsikt i faglege og etiske problemstillingar, særleg knytt til opphavsrett og bruk av nyskriven musikk
- kan planlegge og evaluere arbeidsoppgåver og prosjekt innan komposisjon og improvisasjon
- kan formidle skriftleg, munnleg og praktisk-musikalsk sentrale idear og problemstillingar innan musikksjangre der improvisasjon er, eller kan vera, ein integrert del.
- kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar innan feltet
Arbeidsmåtar vekslar mellom forelesing, praktisk arbeid i grupper, prosjektbasert arbeid og individuelt arbeid under rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervising jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6
Arbeidskrav:
- 3 oppgåver i komposisjon og improvisasjon
- Førebuing til og deltaking i ein konsert med komposisjonar og improvisasjonar av studentane
- Ein skriftleg tekst på 2000 ord (+/- 10%) knytt til eige praktisk arbeid
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Musikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 % | Eksamensmappa skal innehalde tre oppgåver innan komposisjon, improvisasjon og refleksjon. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering. |