Semestre

SOS151A Introduksjon til sosialt arbeid

Emnekode: 
SOS151A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Sosionomutdanninga er ei profesjonsutdanning med eit særskilt samfunnsmandat, og sosionomen skal ha særskilt kompetanse i å arbeide med personar med sosiale problem i alle aldrar. I dette første introduksjonsemnet vert det difor fokusert på sosialt arbeid som arbeidsfelt og sosionomen si rolle og arbeidsoppgåver i ulike delar av yrkesfeltet. I løpet av dette emnet vil studentane starte si første utvikling som reflekterte profesjonsutøvarar. Studenten vil få kunnskap om sentrale perspektiv i sosialt arbeid, i tillegg til å legge grunnlaget for god studieteknikk og skriveferdigheiter. Det vert elles lagt vekt på utvikling av ferdigheiter i kommunikasjon, samhandling, gruppeprosessar og haldningar knytt til etisk forståing.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnskap om sosialt arbeid sitt fagområde og samfunnsmandat
  • Har kunnskap om eigen profesjon, yrkesfeltet for sosionomar og om sosialt arbeid si historie
  • Har kunnskap om sentrale perspektiv, teoriar og omgrep i sosialt arbeid med individ, familiar, grupper og samfunn
  • Har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling i utøving av sosialt arbeid
  • Kjenner til betydninga av erfarings- og brukarkunnskap i utøving av sosialt arbeid
  • Har kunnskap om sosialt arbeids profesjonsetikk, etiske verdiar, dilemma og problemstillingar i sosialt arbeid
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar
  • Kan anvende fagleg kunnskap, gjere greie for fagomgrep og teoriar, og bruke desse til å forklare fenomen i sosialt arbeid
  • Kan anvende grunnleggjande prinsipp i studieteknikk og akademisk skriving for å tileigne seg ny kunnskap
  • Kan formidle fagleg kunnskap og faglege refleksjonar både munnleg og skriftleg
  • Kan samhandle med andre i undervisningsopplegg og gruppearbeid
Generell kompetanse

Studenten:

  • Har innsikt i menneskesyn, verdiar og profesjonsetikk i sosialt arbeid
  • Har innsikt i korleis valet om å bli sosialarbeidar er kopla til eiga livshistorie, og korleis livshistoria verkar inn på relasjonar ein skaper og val ein gjer i utøving av sosialt arbeid
  • Har innsikt i eiga rolle i gruppearbeid og i dynamikken i gruppeprosessar ein tek del i
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med medstudentar og rettleiarar om sentrale perspektiv, teoriar og omgrep i sosialt arbeid
  • Kan planleggje og gjennomføre skriftlege og munnlege arbeidsoppgåver åleine og som deltakar i ei gruppe
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom sjølvstudium, forelesningar, seminardeltaking og stor grad av arbeid i mindre grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Obligatorisk frammøte

Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til eksamensoppgåva, og refleksjon over yrkesutøving. Arbeidskrava vert gjennomført både i gruppe og individuelt, skriftleg og munnleg.

Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Kristin Ljoså Sørheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
Stått eller ikkje stått
100
Kandidaten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. Oppgåva går over seks veker.
Alle.
2500 ord +/- 10 %
Godkjent av: 
Randi Bergem 01.03.2023