Semesters
SOS151A Introduksjon til sosialt arbeid
Ingen.
Sosionomutdanninga er ei profesjonsutdanning med eit særskilt samfunnsmandat, og sosionomen skal ha særskilt kompetanse i å arbeide med personar med sosiale problem i alle aldrar. I dette første introduksjonsemnet vert det difor fokusert på sosialt arbeid som arbeidsfelt og sosionomen si rolle og arbeidsoppgåver i ulike delar av yrkesfeltet. I løpet av dette emnet vil studentane starte si første utvikling som reflekterte profesjonsutøvarar. Studenten vil få kunnskap om sentrale perspektiv i sosialt arbeid, i tillegg til å legge grunnlaget for god studieteknikk og skriveferdigheiter. Det vert elles lagt vekt på utvikling av ferdigheiter i kommunikasjon, samhandling, gruppeprosessar og haldningar knytt til etisk forståing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har kunnskap om sosialt arbeid sitt fagområde og samfunnsmandat
- Har kunnskap om eigen profesjon, yrkesfeltet for sosionomar og om sosialt arbeid si historie
- Har kunnskap om sentrale perspektiv, teoriar og omgrep i sosialt arbeid med individ, familiar, grupper og samfunn
- Har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling i utøving av sosialt arbeid
- Kjenner til betydninga av erfarings- og brukarkunnskap i utøving av sosialt arbeid
- Har kunnskap om sosialt arbeids profesjonsetikk, etiske verdiar, dilemma og problemstillingar i sosialt arbeid
Studenten:
- Kan reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar
- Kan anvende fagleg kunnskap, gjere greie for fagomgrep og teoriar, og bruke desse til å forklare fenomen i sosialt arbeid
- Kan anvende grunnleggjande prinsipp i studieteknikk og akademisk skriving for å tileigne seg ny kunnskap
- Kan formidle fagleg kunnskap og faglege refleksjonar både munnleg og skriftleg
- Kan samhandle med andre i undervisningsopplegg og gruppearbeid
Studenten:
- Har innsikt i menneskesyn, verdiar og profesjonsetikk i sosialt arbeid
- Har innsikt i korleis valet om å bli sosialarbeidar er kopla til eiga livshistorie, og korleis livshistoria verkar inn på relasjonar ein skaper og val ein gjer i utøving av sosialt arbeid
- Har innsikt i eiga rolle i gruppearbeid og i dynamikken i gruppeprosessar ein tek del i
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med medstudentar og rettleiarar om sentrale perspektiv, teoriar og omgrep i sosialt arbeid
- Kan planleggje og gjennomføre skriftlege og munnlege arbeidsoppgåver åleine og som deltakar i ei gruppe
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom sjølvstudium, forelesningar, seminardeltaking og stor grad av arbeid i mindre grupper.
Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til eksamensoppgåva, og refleksjon over yrkesutøving. Arbeidskrava vert gjennomført både i gruppe og individuelt, skriftleg og munnleg.
Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
- Social Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual | Pass / fail | 100 | Kandidaten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. Oppgåva går over seks veker. | Alle. | 2500 ord +/- 10 % |