Semestre

SOS157 Fordjuping i sosialt arbeids yrkespraksis

Emnekode: 
SOS157
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
SAFE154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid
SOS155 Psykologisk emne
SOS156 Teori og arbeidsmåtar i sosialfagleg arbeid
Om emnet

Studentane skal i emnet vidareutvikle sin kompetanse innan sentrale område for sosionomar.

Studenten skal gjennom emnet byggje opp forvaltningskompetanse. Det betyr at studenten både skal få djupnekunnskap om rammevilkåra for sin praksisplass, og ta desse i bruk til å gjere gode skjønnsmessige vurderingar og ivareta rettstryggleiken til brukarane. Saman med forskings- og brukarkunnskap skal studenten dermed få erfaring med å utgreie og undersøke, vurdere, fatte og dokumentere avgjersler i samarbeid med dei som oppsøkjer hjelp. Ein naturleg del av dette er at studenten skal nytte dei digitale verktøya som er i bruk ved praksisplassen.

Samarbeids- og relasjonskompetanse er sentralt for sosionomar, og det er difor lagt vekt på at praksis skal gi erfaring med å forstå, samhandle med og rettleie brukarar og pårørande, så vel som at studentane skal kunne innhente og ta i bruk brukaren sin eigen kunnskap. Gjennom praksis skal studentane arbeide tverrprofesjonelt og utveksle faglege synspunkt og erfaringar med andre profesjonar og hjelpeinstansar til det beste for brukaren. Praksis skal også bidra med kjennskap til tverrfagleg samarbeid med andre profesjonar og hjelpeinstansar til det beste for brukaren.

Sosionomstudentane skal relatere teoretiske kunnskapar frå studiet til praktisk sosialt arbeid, der dei kan møte komplekse situasjonar som utfordrar både personleg, fagleg og etisk. Det vert difor lagt vekt på utvikling av både personleg og analytisk kompetanse. Gjennom kritisk refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid.

Internasjonal utveksling kan bidra til utvikling av kunnskap om andre kulturar, mangfald, fattigdom og bakgrunn for migrasjon. Det blir difor lagt til rette for utlandspraksis, som kan gi studentane erfaring med å stå i minoritetsposisjonar, og gi grunnlag for utvikling av global forståing og kultursensitivitet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing i sosialt arbeid
  • Har brei kunnskap om kritisk refleksjon som tilnærming i sosialt arbeid
  • Har kunnskap om kultur- og maktrelasjonar i sosialt arbeid
  • Har kunnskap om politikk, system, lover og regelverk 
  • Har kunnskap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltninga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentleg, privat og frivilleg sektor
  • Har kjennskap til fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid som er relvante for eigen praksis
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan anvende fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon til å forstå og formidle brukarar og pårørande sine perspektiv
  • Kan anvende erfaringar og fagleg kunnskap til å reflektere etisk og kritisk over eigen og tenesta sin praksis 
  • Kan identifisere og reflektere over etiske problemstillingar i tenesteutøvinga
  • Kan bruke oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover og regelverk
  • Kan dokumentere og formidle fagleg og praktisk kunnskap
Generell kompetanse

Studenten:

  • Har innsikt i, og kan reflektere kritisk over, si profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav og etiske dilemma i tenesteutøvinga
  • Kan planleggje og gjennomføre koordinert og tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike tenester og tenestenivå
  • Kan avdekke eigne kunnskapshol, finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff, og framstille dette både munnleg og skriftleg
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet går føre seg parallelt med emnet SOS159 Praksisstudium, 64 dagar. Undervisning i emnet går føre seg før og etter praksisstudiane, og består av tradisjonelle førelesingar, gruppearbeid og samtaleøvingar. Undervisinga er hovudsakeleg organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudia, men det profesjonsspesifikke vert ivaretatt gjennom gruppearbeid og ulike faglege tilnærmingar til den same tematikken. Under praksisstudiet vert det forventa at studenten gjer sjølvstudium i emnet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Obligatorisk frammøte

Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha mininmum 80% frammøte til organiserte læringsaktivetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. 

Arbeidskrav

Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til profesjonsutøving i praksis. Arbeidskrava vert gjennomført skriftleg og individuelt, men føreset samarbeid med andre. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Hilde Langlo
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Praksisoppgåve. Studenten vel sjølv om oppgåva vert skrive på norsk eller engelsk.
4000 ord +/- 10%
Godkjent av: 
Randi Bergem 01.03.2023