HI111 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 300–1536

Emnekode: 
HI111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
World history and Norwegian history from ca 300 to ca 1536
Emnenavn på bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå seinantikken i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Studentane skal utvikle forståing av sentrale endringsprosessar i perioden innanfor tema som folketalsutvikling, økonomi, sosiale forhold, politikk og religion. Dei skal òg vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv. Emnet gjev også innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverknaden sette inn med full tyngd.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca. 300 (norsk frå ca. 800) til midten av 1500-talet, og kunne sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i den digitale læringsplattforma som HVO nyttar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved HVO at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav for å kunne framstille seg til eksamen:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal ha eit omfang på om lag 2 500 ord i tekstbehandling, og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan få dispensasjon frå kravet mot å gjennomføre eit anna arbeidskrav etter instruks frå instituttet. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i den digitale læringsplattforma. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen (oppgåva) skal gjennomførast i same semester.

Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at studenten kan tilrettelegge og planlegge si eiga arbeidstid.

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Harald Johannes Krøvel
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium
  • Historie - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen. I sluttevalueringa kan det bli lagt vekt på prosessen.
Oppgåva skal leverast elektronisk i Inspera. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt
3000 - 3500 ord
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Ingen
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS101N
2
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023