HI100 Historisk innføringsemne

Emnekode: 
HI100
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
History – Introductory Course
Emnenavn på bokmål: 
Historisk innføringsemne
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
HI111 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
HI112 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
Om emnet

Emnet skal gje studentane innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag, der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt.  

Emnet er delt i to delar, ein teoridel og ein oppgåvedel. I oppgåvedelen skal studenten skrive ei fordjupingsoppgåve innanfor eit avgrensa fagområde som instituttet gjev undervisning og rettleiing i. Dette fagområdet kan vere eit tema frå norsk og/eller internasjonal historie, eller oppgåvedelen kan ta utgangspunkt i eit avgrensa kjeldemateriale som studenten skal arbeide sjølvstendig med og basere oppgåva si på.

Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling, som skal godkjennast av rettleiar. I samråd med rettleiar skal studenten finne fram til ca. 500 sider relevant støttelitteratur for fordjupingsoppgåva. Denne litteraturen vil utgjere pensum i oppgåvedelen av emnet.

Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring i sentrale metodar, teoriar og arbeidsmåtar i historiefaget, med vekt på kjeldebruk og kjeldekritikk. Det vert også gjeve innføring i nokre kulturhistoriske tema i tilknyting til antikken.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa fagområde i historiefaget 
  • kunnskapar om historisk metode og teori
  • kunnskap om hovudtrekk i historiefaget si utvikling 
  • grunnleggjande kunnskap om nokre kulturhistoriske tema i antikken
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
  • analysere sakskompleks i eit avgrensa område i historiefaget ved bruk av relevant historisk metode
  • plassere eit historisk tema frå norsk og/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar 
  • formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, f.eks. gjennom digitale medium
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei historisk utvikling
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • vurdere historiske kjelder på ein kritisk måte
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert slik at studentane får undervisning og rettleiing i aktuelle fagområde for oppgåvedelen, i tillegg til undervisning i teoridelen av emnet.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringssystem. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert lagt ut rettleiingar på nettet om desse teknikkane ved semesterstart.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal gjennomføre følgjende arbeidskrav:

Oppgåvedelen (tilsvarar om lag 10 stp.)

  • Levere eit utkast til temautgreiing og problemstilling til godkjenning av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon. 
  • Levere eit utkast til fordjupingsoppgåve med kjelde- og litteraturliste til godkjenning av faglærar. Utkastet skal minst ha eit omfang på omlag 2500-3000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Godkjenning av arbeidskravet er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Levere ei pensumliste med ca. 500 sider støttelitteratur til fordjupingsoppgåva.
  • Levere eit tilnærma ferdig utkast til fordjupingsoppgåve til faglærar for godkjenning. Utkastet skal ha eit omfang på omlag 3000-5000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.

Teroridelen (tilsvarar om lag 5 stp.)

  • Presentere eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks frå instituttet.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan oppfylle frammøtekravet, kan få dispensasjon frå kravet mot å levere eit skriftleg arbeid innanfor eit oppgjeve tema, etter plan og instruks frå instituttet. Liksom under punkta ovanfor skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ny sjanse innan ein kort frist.

Detaljane i arbeidskrava - nærare forklaring, formkrav og framdriftsplan – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.

Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige arbeid.

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Harald Johannes Krøvel
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium
  • Historie - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde den ferdige fordjupingsoppgåva og presentasjonen av tema fra teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk i Inspera. Informasjon om gjennomføring av eksamen vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt
Fordjupingsoppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for fordjupingsoppgåva, pensumlitteratur som er lagt opp i tilknyting til oppgåvedelen i emnet, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023