Semestre

MEI314 Masteroppgåve i helse og sosialfag (30 stp)

Emnekode: 
MEI314
Varighet: 
4 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Haust
2026 Vår
2026 Haust
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet må vere fullførte med karakteren C eller betre for å få opptak. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori.

Om emnet

Emnet Masteroppgåve er det avsluttande på Masterstudiet i helse- og sosialfag. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar
  • Kandidaten skal ha inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva.
  • Kandidaten skal ha inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer.
  • Kandidaten skal ha omfattande kunnskap om feltet kandidaten vel å forske på. 
  • Kandidaten skal ha forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking.
  • Kandidaten skal ha god kunnskap om krav til akademisk skriving. 
Ferdigheiter
  • Kandidaten skal ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit helse- eller sosialfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
  • Kandidaten skal kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking.
  • Kandidaten skal ha gode ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen.
  • Kandidaten skal kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setje eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ein kritisk reflektert måte.
  • Kandidaten skal i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar skriftleg og munnleg.
Generell kompetanse
  • Kandidaten skal utvikle god kompetanse i å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet med masteroppgåva startar medan ein tek emnet Forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane må ta del i seminar der dei legg fram sitt eige masterprosjekt og gir tilbakemelding på medstudentar sine prosjekt. 

Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha bestått til eksamen i emnet Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.  

Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Øyvind Økland
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
2 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Alle.
25.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast, inntil 45 minutt. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2023