Semestre

PRO101 Organisasjonslære og teamarbeid

Emnekode: 
PRO101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gir innføring i korleis ulike arbeidsgrupper kan brukast i løysing av konkrete oppgåver i ein organisasjon, eller til oppgåveløysing i samarbeid mellom organisasjonar. Utgangspunktet er dei minste einingane i organisasjonen, arbeidsgrupper og team, og dei organisatoriske, psykologiske og sosiale prosessane som bidreg til utvikling av desse einingane. Utvikling og drift av effektive grupper, fleksible organisasjonsformer, relasjonsbygging og samspel mellom individ, gruppe og organisasjon, er også tema. Emnet gir elles innføring i sentrale organisasjonsteoretiske omgrep som organisasjonsstruktur, spesialisering, koordinering, mål, strategi og motivasjon.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentene følgde læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal  

  • ha grunnleggande kunnskap om nokre sentrale organisasjonsteoretiske omgrep  
  • ha kunnskap om gruppeprosessar og kjenne sentrale omgrep og føresetnader for godt gruppearbeid og effektivt team  
  • ha kunnskap om samarbeid, relasjonsbygging og utvikling av arbeidsgrupper og team 
  • ha grunnleggande kunnskap om fleksible organisasjonsformer, som teamorganisering, prosjektorganisering og virtuelle organisasjonar  
  • ha kunnskap om bruk og omfang av fleksible organisasjonsformer i arbeidslivet, nasjonalt og internasjonalt  
Ferdigheiter

Studenten kan  

  • nytte grunnleggande organisasjonsteori for å analysere ulike problemstillingar i organisasjonar 
  • nytte grunnleggande gruppeteori og omgrep for eigne bidrag i ein gruppeprosess  
  • analysere og sette i verk tiltak for betre samarbeid i grupper  
  • reflektere over eige bidrag i samarbeid, og analysere korleis grupper løyser oppgåver og bidreg til måloppnåing 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne  

  • vurdere kritisk bruk av ulike fleksible organisasjonsformer  
  • vurdere korleis ulike kompetansar, gjennom samarbeid, kan vere til nytte i ein organisasjon
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning og læringsaktivitetar i form av førelesingar, dialog, diskusjon, oppgåveløysing, sjølvstendig arbeid, gruppearbeid, temadagar og gjesteførelesingar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:  80 prosent frammøte til undervisning og læringsaktivitetar.

Arbeidskrav: To arbeidskrav i grupper.   

Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Leif Longvanes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnskunnskap - årsstudium
  • Samfunnsutvikling - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Case som ligg til grunn for eksamen blir sendt ut 24 timar før eksamen.
Godkjent av: 
Randi Bergem 06.03.2023