SPP303 Språk-, lese-, skrive- og matematikkvanskar

Emnekode: 
SPP303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Language, reading, writing and math difficulties
Emnenavn på bokmål: 
Språk-, lese-, skrive- og matematikkvansker
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Studiet vil ha eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på temaet som understrekar utfordringa barnehage og skule har for å gi inkluderande og tilpassa opplæring til alle barn/elevar. Tema som språkleg utvikling, kognisjon/metakognisjon, forståingsstrategiar/ferdigheiter og sosiokulturelle tilhøve vil bli presenterte gjennom førelesingar og pensum. Studiet vil gi kunnskap om korleis barnehage og skule kan byggje opp den språklege plattforma hos elevane, og slik gi godt grunnlag for lese- og skriveutvikling. Tilhøvet mellom språk og lesing vil stå i sentrum. I tillegg vil matematikkvanskar ha ein viktig plass i studiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om

  • ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon
  • språkleg utvikling og betydninga av språkleg kompetanse
  • elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse
  • samanhengen mellom språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
  • andrespråksperspektiv på lesing og skriving
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk
  • legge til rette og vurdere opplegg med tanke på forebygging av skriftspråklege vanskar
  • legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvansker, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Generell kompetanse

Studenten skal 

  • ha kunnskap om språklig utvikling, språkvanskar og betydninga av språkleg kompetanse
  • ha kunnskap om elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse
  • ha kunnskap om lese- og skrivevanskar
  • ha kunnskap om andrespråkperspektiv på lesing og skriving
  • kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og matematikk
  • kunne legge tilrette for og vurdere opplegg med tanke på forebygging av skriftspråklege vansker
  • kunne legge tilrette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
  2. Godkjent to skriftlege arbeidskrav kvar med omfang på 1500 ord +/- 10% 
Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Beate Farstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ein individuell mappeeksamen med to innleverte arbeidskrav samt ein refleksjonstekst.
Godkjent av: 
Arne Myklebust