Semestre

SPP303 Språk-, lese-, skrive- og matematikkvanskar

Emnekode: 
SPP303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet vil ha eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på temaet som understrekar utfordringa barnehage og skule kan ha for å utvikle ei inkluderande og tilpassa opplæring til alle barn/elevar. Tema som språkleg utvikling, kognisjon/metakognisjon, forståingsstrategiar/ferdigheiter og sosiokulturelle tilhøve vil bli presenterte gjennom førelesingar og pensum. Emnet vil gi kunnskap om korleis barnehage og skule kan byggje opp den språklege plattforma hos barna/elevane, og slik gi godt grunnlag for lese- og skriveutvikling. Tilhøvet mellom språk og lesing vil stå i sentrum. I tillegg matematikkvanskar ha ein sentral plass. Emnet tek også føre seg andrespråksperspektivet på lesing og skriving.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • skal ha inngåande kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon
  • skal ha avansert kunnskap om språkleg utvikling og betydninga av språkleg kompetanse
  • skal ha grundig innsikt i elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse
  • skal ha inngåande kunnskao om samanhengen mellom språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
  • skal ha god innsikt i andrespråksperspektiv på lesing og skriving
Ferdigheiter

Kandidaten

  • skal kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk
  • skal kunne å legge til rette og vurdere pedagogiske aktivitetar med tanke på førebyggjing av skriftspråklege vanskar
  • evnar å legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvansker, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • skal forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og matematikk
  • skal evne å legge tilrette for og vurdere aktivitetar med tanke på førebyggjing av skriftspråklege vanskar
  • skal kunne kritisk vurdere og legge tilrette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Det er krav om 70 prosent frammøte til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
  2. Godkjent to skriftlege arbeidskrav i mappe
Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Beate Farstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ingen
Godkjent av: 
Arne Myklebust