Semestre

MGL1-7KH1B Kunst og handverk 1B

Emnekode: 
MGL1-7KH1B
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Kunst og handverk 1 gir opplæring innan handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing. Dei to emna skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7.  I dette emne, 1B, skal studenten tileigne seg varierte arbeidsmetodar og ulike materialar, reiskapar og teknikkar, særleg knytt til todimensjonale og digitale flater. Begynnaropplæring i kunst og handverk står sentralt.

Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av faget, og handlar om organisert læring i kunst og handverk, og teoretiske perspektiv på estetiske læringsprosessar og kreativitet. Gjennom førelesingar og fagdidaktiske diskusjonar skal studenten utvikle forståing for faget sin relevans i eit samfunnsperspektiv. Perspektiv på korleis faget i grunnskulen også er eit yrkesførebuande fag, skal kome fram. Gjennom studiet er intensjonen at studenten utviklar ferdigheiter som rettleiar for elevane i deira skapande prosessar og læring.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om teiknematerialar, teikneteknikkar og teiknereiskapar som er relevante for arbeid med todimensjonale flater
  • har kunnskap om korleis nasjonal kunst- og formkultur kan verte brukt som utgangspunkt for skapande arbeid
  • har kunnskap om estetiske læringsprosessar og kreativitet
  • har kunnskap om vurdering i kunst- og handverksfaget, 1.-7. trinn, særleg knytt til todimensjonale- og digitale flater
  • har kunnskap om barn si læring i arbeid med to- dimensjonale materialar
  • har kunnskap om korleis ulike digitale medie kan bli brukt til faglege føremål, og formidling
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk
  • har kunnskap om visuelle verkemiddel, og korleis desse påverkar kommunikasjonen ved eit biletuttrykk. 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide målretta og grundig med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosessar
  • kan formidle delar av lokal og nasjonal kunst- og formkultur på varierte måtar, og gjennom dette stimulere eleven sitt visuelle referansegrunnlag og miljøbevisstheit
  • kan nytte teiknematerialar, teiknereiskapar og teikneteknikkar for å nå KOH-faget sine kompetansemål og sikre fagleg progresjon
  • kan nytte og vurdere 2d-digital teknologi, læremiddel og læringsressursar for å nå KOH-faget sine kompetansemål og sikre fagleg progresjon
  • kan nytte teikning både som estetisk uttrykk, som språkform og verktøy i skissearbeid og konseptutvikling
  • kan organisere utstillingar av elevarbeid, og på andre måtar synliggjere faget på ulike arenaer
  • kan nytte visuelle verkemiddel, og gjennom dette påverke kommunikasjonen etter bestemte intensjonar.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for korleis praktisk og skapande arbeid med materialar utfordrar sansar, engasjerer kjensler, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • ser elevar sine kulturelle skilnader som ein ressurs, og kan utnytte mangfaldet som utgangspunkt for meiningsfulle oppgåver, respekt og anerkjenning
  • kan generere tverrfaglege arbeidsformer gjennom å invitere andre fag til praktisk, teoretisk og didaktisk samarbeid
  • kan bruke gjeldande læreplanar for grunnskulen som utgangspunkt for fagleg utviklingsarbeid med ei systematisk og forskingsmessig tilnærming, og kjenne normer for ansvarleg bruk av innsamla informasjon.
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i digitale omgivnader, aleine og i samarbeid med andre, med utgangspunkt i styringsdokument og forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan forstå korleis den digitale utviklinga utvidar og endrar faget sine vurderingsformer og arbeidsmetodar
  • kan bidra til at lærarstudenten utviklar digital dømmekraft og medvit. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er i hovudsak konsentrert om praktisk arbeid i ulike teknikkar, materialar og tema der studenten arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert gitt grunnleggjande opplæring i bruk av ulike teknikkar og verkty som studenten skal meistre. Undervisninga kan bli samkøyrt med Årsstudiet i design, kunst og handverk.

Mindre ekskursjonar kan bli lagde til område utanfor høgskulen, og studentane må sjølve dekkje reiseutgifter og inngangsbillettar. Studentar som ikkje har høve til å vere med på desse, må få godkjent alternative opplegg. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. 

Arbeidskrav:

  • Arbeidskrav IB (haust) Praktiske oppgåver. I tillegg leverer studentane mindre fagdidaktiske undervegs-refleksjonar knytt til elevar si læring innan faget.    
  • Arbeidskrav IIB (vår) Praktiske oppgåver. I tillegg leverer studentane mindre fagdidaktiske undervegs-refleksjonar knytt til elevar si læring innan faget.
Sensorordning
Maksimumstal: 
16
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Janne Heggvoll
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med utvalde praktiske oppgåver frå både haust- og vårsemester. Mappa skal innehalde ein fagdidaktisk refleksjon (1500 ord). Mappa er ei utvikling av innhaldet i arbeidskrava (I og IIB).
Godkjent av: 
Unni Hagen