MGL5-10EN3A Engelsk ordkunnskap og ordlæring

Emnekode: 
MGL5-10EN3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
English vocabulary: structure and acquisition
Emnenavn på bokmål: 
Engelsk ordkunnskap og ordlæring
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10EN2A Engelsk 2A
MGL5-10EN2B Engelsk 2B
Om emnet

Engelsk ordkunnskap og ordlæring gjev studenten avansert kunnskap i engelsk leksikologi og morfologi: kva ord er, kvar dei kjem frå, korleis dei er strukturerte, og korleis dei blir lærte. Emnet gir også inngåande kunnskap om engelsklæring og engelskdidaktikk knytt til ordlæring, med vekt på korleis ein kan leggje til rette for og stimulere elevane si utvikling av ordtilfang. Praksisperspektivet er gjennomgåande i emnet. I tillegg bur emnet studenten på sjølvstendig vitskapleg arbeid, både innanfor dette feltet og generelt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten inngåande kunnskap om: 

  • engelsk leksikologi: ordopphav, -struktur, -tyding og relasjonar mellom ord
  • historia til ordtilfanget i engelsk, og korleis denne speglar engelsk språk sitt historiske opphav og multikulturelle posisjon
  • morfologisk struktur og mønster i engelske ord
  • korleis morfologisk struktur speglar semantisk innhald og kan nyttast til å tolke ukjende ord
  • tileigning og utvikling av ordtilfang, med vekt på likskap og skilnad mellom eit første- og andrespråksperspektiv
  • korleis ord og infomasjon om ord er strukturert og organisert i minnet
  • undervisning som legg til rette for tileigning og læring av ordtilfang i eit andrespråksperspektiv, tilpassa ulike elevar sine føresetnadar og behov
  • profesjonsretta forsking og akademisk skriving
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • reflektere over korleis ein kan bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
  • systematisk øve opp evna hjå andre til å bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
  • planlegge og gjennomføre varierte og forskingsbaserte undervisningsopplegg som legg til rette for elevane si tileigning av ordtilfang
  • systematisk og medvite integrere tileigning av ordtilfang i ulike læringsprosessar
  • nytte ordtilfanget i engelsk til å synleggjere dei multikulturelle røtene til engelsk språk, og engelsk si rolle som eit verdsomfattande lingua franca
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • reflektere på eit avansert nivå over eigen praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for på eit teoretisk og erfaringsbasert grunnlag løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske, og forskingsretta kompetanse
  • forstå og halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
  • bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 % frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6. Studentane skal delta aktivt i undervisinga. 

Arbeidskrav:

  1. halde eit munnleg seminarinnlegg på engelsk over avtalt tema innan engelsk vokabular
  2. eit førsteutkast (1000 ord +/- 10%) til eit individuelt essay som skal skrivast på engelsk. Tema for dette essayet må vere drøfta med og godkjent av emneansvarleg. 

Kvar student har rett til eitt rettleiingsmøte med rettleiar/forelesar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet.

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Oppgåva (essayet) skal skrivast på engelsk.
Ei skriftleg oppgåve på 3000 ord (basert på innlevert førsteutkast).
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ein munnleg eksamen som tek utgangspunkt i både oppgåva og pensum
Den innleverte oppgåva
Godkjent av: 
Arne Myklebust