MGL5-10MA3A Matematikk - eigenart, læring og undervisning

Emnekode: 
MGL5-10MA3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Mathematics - Characteristics, Learning and Teaching
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10MA2A Matematikk 2A: Matematisk argumentasjon og bevis
MGL5-10MA2B Matematikk 2B: Innføring i matematikkdidaktisk forsking
MGL5-10FOUMA FoU-oppgåve i matematikk
Om emnet

For matematikklærarar på 5.–10. steg er det viktig med god forståing av kva det vil seie å ha matematisk kompetanse og korleis ein best kan legge til rette for at elevar på desse stega kan oppnå slik kompetanse. Dette emnet legg grunnlaget for at studentane skal oppnå slik forståing. Emnet tek opp kva matematikkens eigenart er, matematikk og matematikkdidaktikk som vitskapsfag og ulik teori om matematisk kompetanse. Læringsteoriar vert belyst ut frå eit matematikkdidaktisk perspektiv. Det vert også lagt vekt på ulike representasjonsformer og semiotiske modellar i matematikkundervising.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane

  • har inngåande kunnskap om matematikkens eigenart, samfunnsmessig og kulturelle funksjon
  • har inngåande kunnskap om kva det betyr å lære matematikk for elevar på 5.–10. steg og kan sjå dette i lys av ulike læringsteoriar
  • har djupnekunnskap om ulike representasjonsformer og semiotiske modellar
  • har inngåande kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar for elevar på 5.–10. steg
Ferdigheiter

Studentane

  • kan legge til rette for tilpassa undervisning for elevar på 5.–10. steg basert på forskingskunnskap
  • kan kartlegge og analysere elevar sin kompetanse/kunnskap og med utgangspunkt i dette legge til rette for at dei kan vidareutvikle si matematiske forståing
Generell kompetanse

Studentane

  • kan gjere greie for matematikken sin eigenart, læring og undervisning
  • kan bidra aktivt i diskusjon og utvikling av matematikk som skulefag
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet er studentaktive seminar, planlegging av feltarbeid og anna undervising.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Arbeidskrav:

  1. Presentasjon av eit feltarbeid, og respons på medstudentar sitt arbeid.
  2. Resymé av vitskapleg artikkel.
  3. Aktiv deltaking i seminara om vitskaplege artiklar.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Ingeborg Katrin Lid Berget
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Silje Ims Lied