MGL5-10SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning

Emnekode: 
MGL5-10SP2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Learning difficulties and special edication
Emnenavn på bokmål: 
Spesialpedagogikk 2: Lærevansker og spesialundervisning
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 5.-10. trinn, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, 15 studiepoeng.

Emnet gir ei innføring i utfordringane og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, med vekt på mellom- og ungdomstrinnet. Det supplerer dermed det første emnet i studiet, som tek opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld kva som kan sette elevar i utfordrande læresituasjonar. Dette emnet tek opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Det er dei vanlegaste utfordringane knytt til fagleg og sosial læring og utvikling i skulen som vert belyst i dette emnet. Det dreiar seg om psykisk helse, språk-, lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, åtferdsutfordringar og sosiale og emosjonelle behov. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskap om lærevanskar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk, åtferd, sosialt samspel og psykisk helse
  • brei kunnskap om måtar å møte lærevanskane på i skulen
  • inngåande kunnskap om tidleg innsats og fortsettande systematisk arbeid, og konsekvensane dette kan ha for elevane
Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere og forstå moglege årsaker til elevar sine lærevanskar
  • planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med lærevanskar
  • bruke forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
  • formulere og drøfte faglege problemstillingar på ein kvalifisert måte, munnleg og skriftleg
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på 5.-10. trinn
  • kan meistre ulike teoretiske og forskingsbaserte perspektiv på lærevanskar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsformene vekslar mellom plenumsundervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Vilkår for å framstille seg til eksamen 

Frammøtekrav:

Arbeidskrav:

  • To skriftlege oppgåver 

  • Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til dei skriftlege oppgåvene 

Nærare retningslinjer om arbeidskrav vert gitt i semesterplanen i starten av semesteret. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Iselin Vatnehol
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ein individuell mappeeksamen med to innleverte arbeidskrav
Ingen.
Godkjent av: 
Arne Myklebust