BLUMG303 Barnehagens læringsmiljø

Emnekode: 
BLUMG303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
The learning environment of the kindergarten
Emnenavn på bokmål: 
Barnehagens læringsmiljø
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Barnehagens læringsmiljø omfattar dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda som påverkar barns utvikling, leik, læring, helse og trivsel. Emnet byggjer på ei heilskapleg forståing av læring, med leik, omsorg og danning som berande element. Føremålet med emnet er at studenten skal tileigne seg kunnskap om samanhengen mellom barnehagelæraren si leiing, læringsmiljøet i barnehagen og barns åtferd. Emnet vil framheve korleis det psykososiale miljøet, aktivitetane i barnehagen og barns trivsel ligg til grunn for å kunne danne gode læringsmiljø for alle barn. Læringsmiljøet i barnehagen vert sett i lys av kulturelle og samfunnsmessige endringar, og studenten skal tileigne seg kunnskap om korleis desse endringane påverkar barnehagens læringsmiljø. Emnet vil ta føre seg sentrale tema som leiing av barnegrupper med fokus på relasjonelt arbeid, inkludering og didaktiske intensjonar. Emnet byggjer på teoretisk og forskingsbasert kunnskap om korleis barnehagelæraren kan arbeide for at barnehagen skal bidra til utvikling, leik, læring, helse og trivsel. Emnet vil tematisere og diskutere barns oppvekst i eit teknologirikt og mangfaldig samfunn, med vektlegging av barns livsmeistring og danning i eit digitalt og fleirspråkleg miljø. Arbeid med førebygging av mobbeliknande åtferd vert løfta fram.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om faktorar som påverkar og formar barnehagens læringsmiljø
  • har inngåande kunnskap om barnehagelæraren si rolle i relasjonsbygging og spesialisert innsikt i arbeidet for eit godt psykososialt miljø i barnehagen
  • har inngåande kunnskap om korleis barnehagen kan bidra til livsmeistring, utvikling, leik, læring, helse og trivsel
  • har kunnskap om mobbeliknande åtferd og korleis slik åtferd kan førebyggjast i barnehagen
  • har kunnskap om barns oppvekstvilkår i eit digitalt og fleirspråkleg samfunn, og kva dette har å seie for læringsmiljøet i barnehagen
Ferdigheiter
  • kan analysere og forstå samanhengen mellom barnehagelæraren si leiing og barns åtferd og utvikling, leik, læring, helse og trivsel i barnehagen
  • kan analysere og forstå korleis barns oppvekst i eit digitalt og fleirspråkleg samfunn påverkar barns læringsmiljø og korleis barnehagen kan utnytte dette som ressurs
  • kan på ein sjølvstendig måte gjennomføre eit feltarbeid i tråd med aktuelle metodiske krav og gjeldande forskingsetiske normer 
  • kan strukturere og formulere faglege ressonement med utgangspunkt i teoretisk og forskingsbasert kunnskap om korleis barnehagelæraren kan arbeide for at barnehagen skal bidra til utvikling, leik, læring, helse og trivsel
Generell kompetanse
  • kan kritisk analysere kva faktorar som skaper eit utviklande læringsmiljø
  • kan ta i bruk kunnskapen sin og ferdigheitene sine i arbeidet for gode læringsmiljø i barnehagen
  • kan formidle og kommunisere både med allmenta og med spesialistar om barnehagefaglege tema som gjeld barns læringsmiljø, trivsel, leik, omsorg og danning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar og studentaktive læringsformer som gruppearbeid, seminar, arbeid med pensumlitteratur og oppgåveløysing.

Studenten skal arbeide individuelt og gjennomfører oppgåver i grupper mellom samlingane.

Det er 70 % obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak,
studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

a) 70 % obligatorisk frammøte på timeplanlagd aktivitet

Arbeidskrav:
b) Skriftleg arbeid i gruppe med teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet 
c) Feltarbeid i barnehage, individuelt eller i gruppe, knytt til sentrale tema i emnet som byggjer på arbeidskrav b)
d) Studentseminar med presentasjon med utgangspunkt i arbeidskrav b) og c)

Detaljert informasjon og vurderingskriterier for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart. Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. 

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Kristin Rostad Gangstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagekunnskap - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust