Semesters

BLUMG303 The learning environment of the kindergarten

Course code: 
BLUMG303
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Barnehagens læringsmiljø omfattar dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda som påverkar barns utvikling, leik, læring, helse og trivsel. Emnet byggjer på ei heilskapleg forståing av læring, med oppleving, leik, omsorg og danning som berande element. Føremålet med emnet er at studenten skal tileigne seg kunnskap om samanhengen mellom barnehagelæraren si leiing, læringsmiljøet i barnehagen og barns åtferd. Emnet vil framheve korleis det psykososiale miljøet, aktivitetane i barnehagen og barns trivsel ligg til grunn for å kunne danne gode læringsmiljø for alle barn. Læringsmiljøet i barnehagen vert sett i lys av kulturelle og samfunnsmessige endringar, og studenten skal tileigne seg kunnskap om korleis desse endringane påverkar barnehagens læringsmiljø. Emnet vil ta føre seg sentrale tema som leiing av barnegrupper med fokus på relasjonelt arbeid, inkludering og didaktiske intensjonar. Emnet byggjer på teoretisk og forskingsbasert kunnskap om korleis barnehagelæraren kan arbeide for at barnehagen skal bidra til utvikling, leik, læring, helse og trivsel. Emnet vil tematisere og diskutere barns oppvekst i eit teknologirikt og mangfaldig samfunn, med vektlegging av barns livsmeistring og danning i eit digitalt og fleirspråkleg miljø. Arbeid med førebygging av mobbeliknande åtferd vert løfta fram.
 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har avansert kunnskap om faktorar som påverkar og formar barnehagens  læringsmiljø
  • har inngåande kunnskap om barnehagelæraren si rolle i relasjonsbygging og spesialisert innsikt i arbeidet for eit godt psykososialt miljø i barnehagen
  • har avansert kunnskap om korleis barnehagen kan bidra til livsmeistring, utvikling, leik, læring, helse og trivsel
  • kan anvende kunnskap om mobbeliknande åtferd og korleis slik åtferd kan førebyggjast i barnehagen
  • kan analysere barns oppvekstvilkår i eit digitalt og fleirspråkleg samfunn, og kva dette har å seie for læringsmiljøet i barnehagen
  • har inngåande kunnskap om kommunikasjon som grunnlag for eit godt læringsmiljø i barnehagen
Learning outcome skills
  • kan analysere og forstå samanhengen mellom barnehagelæraren si leiing og barns åtferd og utvikling, leik, læring, helse og trivsel i barnehagen
  • kan ta i bruk relevante teoriar, forsking og metodar for å skape eit godt psykososialt miljø
  • kan analysere og identifisere begynnande mobbeliknande åtferd, førebygge og setje i gang relevante tiltak
  • kan strukturere og formulere faglege resonnement knytt til korleis barns oppvekst i eit digitalt og fleirspråkleg samfunn påverkar barns læringsmiljø og korleis barnehagen kan utnytte dette som ressurs
  • kan på ein sjølvstendig gjennomføre og ta del i forskings- og utviklingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Learning outcome qualification
  • kan kritisk analysere kva faktorar som skaper eit utviklande læringsmiljø
  • kan ta i bruk kunnskapen sin og ferdigheitene sine i arbeidet for gode læringsmiljø for alle barn i barnehagen
  • kan formidle og kommunisere både med allmenta og med spesialistar om barnehagefaglege tema som gjeld barns læringsmiljø, trivsel, leik, omsorg og danning
  • kan bidra til nytenking og innovasjonsarbeid med omsyn til barns læringsmiljø og gjennomføre nye og avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
Working and learning activities

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar og studentaktive læringsformer som gruppearbeid, seminar, arbeid med pensumlitteratur og oppgåveløysing. Studenten
skal arbeide individuelt og gjennomfører oppgåver i grupper mellom samlingane. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak,
studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6

Assessment requirements

Frammøtekrav:

a) Obligatorisk frammøte på timeplanlagd aktivitet

Arbeidskrav:
b) Skriftleg arbeid i gruppe med teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet Omfang: 2000-3000 ord
c) Feltarbeid i barnehage, individuelt eller i gruppe, knytt til sentrale tema i emnet som byggjer på arbeidskrav b)
d) Studentseminar med utgangspunkt i arbeidskrav b) og c)

Detaljert informasjon og vurderingskriterier for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart. Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne
framstille seg for eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Kristin Rostad Gangstad
Used in other programs
  • Early childhood education studies - master (part-time)
Assessment FormGroupingDurationGrading scaleProportionCommentSupport MaterialsScope
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Arne Myklebust