Sjekk ut kva du kan bli - ta studietesten!

Lurer du på kva du skal bli, kva jobb som passar for deg, eller kva utdanning du skal velge? Ta vår uhøgtidlege studietest for å få tips til fagområde du kan søke deg til ved Høgskulen i Volda.

Du kjenner deg sjølv best, men kanskje vi kan sette deg på sporet av noko du ikkje har tenkt på? Moglegheitene er mange, og Volda er ein god stad å studere.

Det kan vere lurt å tenkje gjennom kven du er, og kva som gir deg glede og energi. Gløym andre sine forventningar, og lytt til deg sjølv. Det finst uendeleg mange utdanningsval, og det er ikkje alltid så lett å forstå kva jobbmoglegheiter dei ulike studia gir. Difor tilrår vi deg å ta den uhøgtidelege studietesten vår for å få tips til fagområde du kan søke deg til ved Høgskulen i Volda.

Klikk på knappen på bildet nedenfor for å ta studietesten! Du kan velje mellom nynorsk og bokmål, svare på nokre spørsmål om deg sjølv og kva du likar, og få forslag til studieretningar og fagområde vi har i Volda som kan passe for deg. Lykke til!

Velkommen til Volda!

Eit unikt studentmiljø og solide utdanningar er svært gode grunnar for å studere i ei bygd på Sunnmøre. Legg du til at at det er billig å bu, internasjonalt miljø og korte avstandar på og rundt campus, kan kanskje Høgskulen i Volda vere noko for deg?

Få eit innblikk i studiebygda Volda!