I Volda kan du satse på både idrett og studier!

I Volda finn du ikkje berre eit rikt studentmiljø og gode utdanningstilbod, men også moglegheiter til å satse på toppidrett. Med kort avstand mellom campus, idrettsanlegg og natur, ligg alt til rette for å kombinere studier med ei aktiv idrettskarriere.

Foto: KFUM Volleyball

Foto: KFUM Volleyball

Tekst: David Høyheim Skintveit, Foto: Foto: KFUM Volleyball

- Oppdatert

Del på:

"Det å kombinere studier og toppidrett gir deg eit ekstra miljø utanfor skulen og hjelper deg å koble av. Idretten gir energi, fellesskap og motivasjon til å prestere på fleire arenaer"

Torvald Ljostveit Reiersen (23), volleyballspelar og lærarstudent.

Studier + toppidrett = sant!

I Volda kan du kombinere fagleg utvikling med idrettsglede – og du slepp å velje mellom draumen om utdanning og lidenskapen for idrett. Her er avstandane korte, fellesskapet sterkt og moglegheitene mange. Kven seier at ein ikkje kan ha både toppkarakterar og toppscoringar?

I desember leste du kanskje om Dana Björg Gudmundsdottir som kombinerte eksamenar med spel i handball-EM 2024. Det er ikkje berre ho som presterer på idrettsarenaen medan ho studerar i Volda. Her får du høve til å bli litt betre kjend med nokre fleire av dei.

Ein kvardag med trening og studier

Marie (24) har spelt volleyball for KFUM Volda i over ti år og har kombinert studier med idrett på fleire nivå. Ho meiner at det ikkje berre er mogleg, men også givande å balansere begge delar:

Foto: KFUM Volleyball

Marie Brænde (24)

Studie: Idrett og kroppsøving – årsstudium

Idrett: KFUM Volda, 1. div kvinner

– Balansen mellom studie og trening gjekk veldig fint då eg gjekk idrett i Volda. Det var lite obligatorisk undervisning på kveldstid, så treningane passa godt inn i kvardagen. Kampar kunne vere meir krevjande, sidan me ofte måtte reise tidleg på fredagar, men det gjekk som oftast fint sidan me hadde fri desse dagane.

Ho understrekar at idretten gav ho eit ekstra sosialt nettverk utanfor studiet:

– Det gode miljøet rundt meg, både på studiet og i idretten, gav meg energi og glede i å prestere.

Samhald og motivasjon

Det sosiale fellesskapet som idretten gir, er ein viktig motivasjonsfaktor for mange av studentane. Halvard, som spelar for Hødd i OBOS-ligaen, legg vekt på lagmiljøa som oppstår både med ball og i ein akademisk kvardag:

– Det er motiverande å jobbe mot eit felles mål saman med eit lag. Samhaldet gjer at ein kan yter meir, anten det er på trening, i kamp eller i studiekvardagen.

Foto: Arne Flatin

Halvard Kvamme Urnes (22)

Studie: Idrett og kroppsøving - bachelor

Idrett: IL Hødd Fotball, OBOS-ligane


Benjamin (21), som spelar fotball for Volda fotball i Norsk Tipping-ligaen, opplever begge miljøa som viktige sosiale arenaer:

– Det gode miljøet rundt meg, både på studiet og i idretten, gjer at eg trivst og finn motivasjon til å prestere både akademisk og på banen.

Benjamin Opaker Tilseth (21)

Studie: Idrett og kroppsøving - bachelor

Idrett: Volda TI Fotball, Norsk Tipping ligaen

Foto: Arne Flatin

Studiekvardagen i Volda

Torvald og Shiva som, i likskap med Marie, spelar Volleyball for KFUM Volda, meiner studiekvardagen i Volda er prega av eit inkluderande miljø og god oppfølging frå lærarane:

Foto: KFUM Volleyball

Torvald Ljostveit Reiersen (23)

Studie: Grunnskulelærar 5. – 10. trinn

Idrett: KFUM Volda, 2. div herre (nr. 26 på bildet)

– Eg likar veldig godt at vi har undervisning i klasserom og ikkje store auditorium. Det gjer det lettare å bli kjent og få hjelp frå lærarane, som er lett tilgjengelege på campus, fortel Torvald.

Shiva følger opp med det han ser på som dei største fordelane med å studere i Volda:

– Ei av dei aller største fordelane med å studere i Volda er at alt er så nært kvarandre. Det tek aldri lang tid å gå til butikken, til trening eller ut på byen. I tillegg er det ein så liten stad at du ofte møter vener overalt. Det siste, og kanskje viktigaste for mange, er naturen rundt her og moglegheitene for turar.

Shiva Zeiner (24)

Studie: Idrett og kroppsøving

Idrett: KFUM Volda, 1. div herre

Foto: KFUM Volleyball

Studere i Volda?

Du finn meir informasjon om dei ulike studia på lenkene under:

Del på: