KRO1B-KFK Rørsleglede i kroppsøving

Emnekode: 
KRO1B-KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Joy of Movement in Physical Education
Emnenavn på bokmål: 
Bevegelsesglede i kroppsøving
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Dette er eitt av to emne i studieprogrammet Kroppsøving 1-10, Kompetanse for kvalitet. Desse to emna kvalifiserer for undervisning i kroppsøving frå 1. til 10. trinn. Gjennom studiet skal studenten utvikle seg som tilretteleggar for læring i kroppsøving og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte.  

Emnet skal gi studentane grunnlag for å utvikle sin lærerkompetanse individuelt og i samarbeid med andre, og for å fremje fysisk aktivitet og bevegelsesglede.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har   

  • inngåande kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede 
  • kunnskap om elevvurdering i kroppsøving 
  • kjennskap til kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur 
  • kunnskap om kroppsleg læring på bakgrunn av motorisk utvikling 
  • kunnskap om samspel, medverknad, likestilling og likeverd i kroppsøving 
  • kunnskap om naturopplevelsar og trygg og bærekraftig ferdsel 
Ferdigheiter

Studenten kan 

  • legge til rette for og leie læringsarbeid gjennom aktivitetar som til dømes dans, ballspel, leik, friluftsliv, symjing, livberging og tidsaktuelle bevegelsesformer 
  • gjennomføre undervisning i kroppsøving der bevegelsglede og refleksjon er sentralt 
  • tilpasse og leie kroppsøvingsundervisning, vurdere risiko og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar 
  • arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving 
  • vurdere elevane si måloppåing med og uten karakter og grunngi vurderingane. 
Generell kompetanse

Studenten 

  • arbeide med mangfald i kroppsøving. 
  • bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving. 
  • bidra til å sjå kroppsøving i tverrfagleg perspektiv. 
  • orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis. 
  • identifisere og analysere faglege utfordringar og muligheter innafor kroppsøving. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar på Høgskulen i Volda. Samlingane skal sikre at studentane får eigne kroppslige erfaringar og kunnskap om varierte arbeidsmåtar. Det blir annakvar veke lagt ut nye nettleksjonar knytt til teori og planlegging av undervisning. 

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verktøy og læringsressursar vert vektlagt. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6

Arbeidskrav:

Gjenomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan fastsett frist. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Tore Kjetil Sørheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kroppsøving 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Godkjent av: 
Unni Hagen