Semesters
KRO1B-KFK Rørsleglede i kroppsøving
Ingen.
Dette er eitt av to emne i studieprogrammet Kroppsøving 1-10, Kompetanse for kvalitet. Desse to emna kvalifiserer for undervisning i kroppsøving frå 1. til 10. trinn. Gjennom studiet skal studenten utvikle seg som tilretteleggar for læring i kroppsøving og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte.
Emnet skal gi studentane grunnlag for å utvikle sin lærerkompetanse individuelt og i samarbeid med andre, og for å fremje fysisk aktivitet og bevegelsesglede.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- inngåande kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede
- kunnskap om elevvurdering i kroppsøving
- kjennskap til kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur
- kunnskap om kroppsleg læring på bakgrunn av motorisk utvikling
- kunnskap om samspel, medverknad, likestilling og likeverd i kroppsøving
- kunnskap om naturopplevelsar og trygg og bærekraftig ferdsel
Studenten kan
- legge til rette for og leie læringsarbeid gjennom aktivitetar som til dømes dans, ballspel, leik, friluftsliv, symjing, livberging og tidsaktuelle bevegelsesformer
- gjennomføre undervisning i kroppsøving der bevegelsglede og refleksjon er sentralt
- tilpasse og leie kroppsøvingsundervisning, vurdere risiko og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
- arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
- vurdere elevane si måloppåing med og uten karakter og grunngi vurderingane.
Studenten
- arbeide med mangfald i kroppsøving.
- bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving.
- bidra til å sjå kroppsøving i tverrfagleg perspektiv.
- orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis.
- identifisere og analysere faglege utfordringar og muligheter innafor kroppsøving.
Emnet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar på Høgskulen i Volda. Samlingane skal sikre at studentane får eigne kroppslige erfaringar og kunnskap om varierte arbeidsmåtar. Det blir annakvar veke lagt ut nye nettleksjonar knytt til teori og planlegging av undervisning.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verktøy og læringsressursar vert vektlagt.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.
Arbeidskrav:
Gjenomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan fastsett frist.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Physical Education 1 for teachers years 1-10 - Competence for quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 |