BVA304 Forskningsmetode og vitskapsteori

Emnekode: 
BVA304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Research methodologies and theories of science
Emnenavn på bokmål: 
Forskningsmetode og vitenskapsteori
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Krav til forkunnskapar

BVA301, BVA302, BVA303 og eitt av valemna RUS302 eller BVA307 (til saman 60 studiepoeng).

Om emnet

I emnet legg ein vekt på å gi innsikt i spørsmål som gjeld samanhengen mellom problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet mot eiga masteroppgåve. Det blir lagt opp til presentasjonar med kommentarar frå medstudentar og faglærarar. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking
  • kan utforme ei forskbar problemstilling og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva
  • kan presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg
Generell kompetanse

Kandidaten

  • skal ha kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane og kunne nytte kunnskapen på ein reflektert måte i si eiga masteroppgåve.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Det er tre vekesamlingar i semesteret med tett kopling mellom undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og arbeid som siktar framover mot masteroppgåva.
  • Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. 
  • Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Minimum 65 prosent frammøte til undervisingsaktivitetar i emnet

Arbeidskrav:

  • Tre individuelle arbeidskrav som tar utgangspunkt i problemstillingar gjevne av faglærar. Arbeidskrava skal inngå i ei mappe, der ei oppgåve vert trekt ut som eksamensinnlevering.

 

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Finn Ove Båtevik
Bjarte Folkestad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnevernsarbeid - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Eitt av tre arbeidskrav vert trekt ut som eksamen
Godkjent av: 
Randi Bergem 29.06.2023