Semesters
BVA304 Forskningsmetode og vitskapsteori
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må verefullført for å få opptak til emnet, inkludert dei obligatoriske emna BVA301, BVA302 og BVA303.
I emnet legg ein vekt på å gi innsikt i spørsmål som gjeld samanhengen mellom problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet mot eiga masteroppgåve. Det blir lagt opp til presentasjonar med kommentarar frå medstudentar og faglærarar. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane
Kandidaten
- kan reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking
- kan utforme ei forskbar problemstilling og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva
- kan presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg
Kandidaten
- skal ha kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane og kunne nytte kunnskapen på ein reflektert måte i si eiga masteroppgåve.
- Det er tre vekesamlingar i semesteret med tett kopling mellom undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og arbeid som siktar framover mot masteroppgåva.
- Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid.
- Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.
Frammøtekrav:
- Minimum 65 prosent frammøte til undervisingsaktivitetar i emnet
Arbeidskrav:
- Tre individuelle arbeidskrav som tar utgangspunkt i problemstillingar gjevne av faglærar. Arbeidskrava skal inngå i ei mappe, der ei oppgåve vert trekt ut som eksamensinnlevering.
- Child welfare work - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Eitt av tre arbeidskrav vert trekt ut som eksamen |