Nokon å snakke med?
Søk råd og rettleiing hos ein studentrådgjevar, studenthumanist eller studentprest. Det er mykje som skjer i livet igjennom studietida som gjer det fint å ha nokon å tenke høgt saman med!
Studentrådgjevarar
Hos studentrådgjevarane ved Studentsamskipnaden i Volda kan du prate om kva som helst, stort eller smått. I løpet av studietida kan du komme opp i situasjonar som det kan vere vanskeleg å finne ut av på eiga hand, eller det kan vere godt berre å lufte tankane. Studentrådgjevarane ønsker å bidra med å gi deg ein god studiekvardag!
Studentprest
Studentpresten si viktigaste oppgåve er å vere ein samtalepartnar for deg som av ulike grunnar treng nokon å snakke med. Det er rom for å snakke om alle slags tema, og det er rom for å leite etter ord for korleis du har det. Du treng ingen religiøs bakgrunn for å kome til samtale.
Studenthumanist
Studenthumanisten er eit medmenneske og ein samtalepartnar når du treng nokon å snakke med. Studenthumanisten har tid til å lytte og ønsker å reflektere saman med deg om det du opplever som viktig i ditt liv.
Book samtale
Med studentrådgjevar, studenthumanist eller studentprest. Dei har teieplikt og tilboda er gratis!