NAT124 Kropp og helse. Cellebiologi og fysiologi

Emnekode: 
NAT124
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Body and health. Cellular biology and physiology
Emnenavn på bokmål: 
Kropp og helse. Cellebiologi og fysiologi
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Undervisninga i emnet, saman med dei andre emna i Naturfag 8.-13. trinn, vil gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskule og vidaregåande skule på trinna 8-13.

Emnet fokuserer på korleis kroppen sine system verkar saman, frå celler, organ og organsystem til det heile mennesket som samverkar med miljøet og samfunnet. Tema som vert underviste er knytte til kjerneelementet “Kropp og helse” og inkluderer sentrale og dagsaktuelle tema som bioteknologi, immunforsvar og vaksiner, ernæring, trening og rusmiddel, og korleis livstilsval påverkar fysisk og psykisk helse. I fagdidaktikk vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskapar og ferdigheiter i cellebiologi og fysiologi, inkludert utarbeiding, bruk og vurdering av modellar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om korleis celler er bygde opp og om livsprosessane til celler
  • kunnskap om korleis kroppen er bygd opp, og funksjonar til organ og organsystem
  • kunnskap om immunforsvar, mikroorganismar og vaksinering
  • kunnskap om funksjonane til nokre næringsstoff og kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og bærekraftperspektiv
  • kunnskap om aktuelle helse- og livsstilspørsmål knytt til ernæring, trening og rusmiddel, sett i lys av nyare forsking innan nevrovitskap og fysiologi.
  • kunnskap om genetikk og bioteknologi og om korleis ein kan drøfte etiske spørsmål knytt til bioteknologi
  • kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 8.-13. trinn forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar
  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert  knytt til relevante tema i naturfag
  • arbeide utforskande med problemstillingar i kjente og ukjente kontekstar
  • utarbeide, bruke og vurdere modellar
  • vurdere informasjon frå ulike kjelder med omsyn til pålitsgrad
  • gjennomføre formativ vurdering på ulike måtar
  • utarbeide læringsaktivitetar på bakgrunn av kompetansemål og overordna verdiar og prinsipp i læreplanen.
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
  • forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på ei 3-dagars samling som finn stad på campus ved Høgskulen i Volda. Nærare informasjon om undervisninga vil bli gitt i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, og enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Arbeidskrav:

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:

  1. Levere ein fagartikkel inkludert medstudentvurdering
  2. Levere samlerapport frå laboratoriearbeid
  3. Utvikle eit praktisk utforskande undervisningsopplegg innan cellebiologi/fysiologi med individuell didaktisk grunngjeving

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjende for å oppnå eksamensrett i emnet

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Øyvind Arne Høydal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Naturfag 8.-13. trinn
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40 %
1. Fagartikkel, 2. Utvikling av eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving.
Munnleg eksamen
Individuell
-
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60 %
På Zoom.
Ingen.