Studentlag og -organisasjonar

Dei 4600 studentane set sitt preg på studiebygda Volda med over 10 000 innbyggjarar. Korte avstandar mellom campus, hybel, samlingspunkt, studentaktivitetar og natur gjer at du får meir ut av døgnet som student i Volda. Dette kan du til dømes bruke på eit hav av studentlag og studentorganisasjonar.  

 

Studenthuset Rokken

Rokken kan fort bli din andre heim. Med ei nasjonalt anerkjend og populær konsertscene har Rokken etablert seg som ein fantastisk utestad der mange kjende artistar veit å lage god stemning.

På Rokken møter du studentar både framfor og bak disken. Drifta av studenthuset skjer i nært samarbeid med Studentsamfunnet i Volda og andre studentorganisasjonar. Alle som er interesserte i kulturarbeid, er velkomne til å delta i arbeidet med å halde huset aktivt, og det er eit ypparleg høve for nye studentar til å kome fort inn i eit triveleg og aktivt miljø.

På Rokken finn du cafe, pub og konsertarena. Konsertar, kviss, open mic og live sportssendingar står ofte på programmet. 

Aktive studentorganisasjonar

Amnesty Volda studentgruppe

Amnesty International er ein verdsomspennande organisasjon som arbeider for menneskerettar. Over mange år har organisasjonen vore med på å hindre tortur, stanse henrettelser og gi beskyttelse til aktivistar i fare. Vi i Volda Amnesty studentlag er ein gjeng aktivistar som ynskjer å bidra til dette arbeidet, mellom anna ved å ha underskriftskampanjar på Høgskulen.

Finn ut meir:
Facebook

Amnesty Studentgruppe Volda

FO-studentane

Studerar du barnevern eller sosionom? Meld deg inn i FO-studentane, fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomer, velferdsvitarar og vernepleiarar. Som medlem får du innboforsikring, medlemsbladet Fontene, sikra hjelp ved problem på arbeidsplassen uansett kvar du jobbar og gratis jobbsøkerkurs i tredje klasse.

Dersom du har lyst til å vere med å påvirke arbeidssituasjonen din som student, lære meir om organisasjonsarbeid, vere med på spanande kurs og konferansar trenger vi DEG i vårt lokallag her i Volda. Vi er ein trivelig gjeng frå ulike klassetrinn som er interessert i å bli kjent med deg.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

FO-studentane Volda

LO-studentene

LO-studentene er ein studentorganisasjon for alle uansett studieretning. Som studentmedlem i LO får du tilgang til fordelene som fordelsprogrammet vårt LOfavør gir, som Noregs beste innboforsikring. I tillegg har vi eigne stipendordningar og kan gi deg hjelp i deltidsjobben om det skulle oppstå konflikt.

Blir du med i styret vårt, får du moglegheita til å arrangere forskjellige arrangement for studentar.   

Finn ut meir: 

Facebook // Instagram

 LO-studentane Volda

Natura Volda

Studentorganisasjonen for deg som er glad i friluftsliv! Bli med oss på tur i den vakre naturen på Sunnmøre og omegn, både for nybegynnarar og dei meir erfarne. Programmet vårt inneheld alt frå rå, luftige toppturar til koseturar med bål og stormfulle netter. Håpar å sjå deg på tur med oss!

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

Natura Volda

Naturvernstudentane i Volda

Vi er eit studentlag i Natur og Ungdom, som er den største miljøvernorganisasjonen for ungdom i Noreg. Vi jobbar med lokale og nasjonale miljøsaker, og du kan vere med og bestemme kva vi skal fokusere mest på. Vi vil arrangere ulike turar og aksjonar gjennom året, og det blir også ei rekkje nasjonale arrangement ein kan delta på. Dette blir eit bra år! 

Finn ut meir: 

Nettside // Facebook 

Natur og Ungdom Naturvernstudentene i Volda

NJ - Norsk Journalistlag Student Volda

NJ student Volda er studentklubben for alle med intensjonar om å bli journalist. Vi arrangerer Pressepub med kjende gjestar, debattar og journalistprisen Pressepris. Bli gjerne med i styrearbeidet! Medlemsskap gir også rabatterte prisar, gratisinngangar, medlemsbladet Journalisten og rimelege studentforsikringar. 

Finn ut meir:
Facebook // Twitter

NJ Student Volda

Norsk kommunikasjonsforening Volda

Norsk kommunikasjonsforening er eit fagleg fellesskap for deg som arbeider eller utdanner deg innan kommunikasjon. Foreningen samlar over 4000 kommunikatørar frå heile Noreg innan privat og offentlig sektor. Hos Kommunikasjonsforeningens studentlag i Volda vil du få oppdaterte nyheiter om kommunikasjonsrelaterte emner, seminar, foredrag og andre relevante ting.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter // Instagram

Kommunikasjonsforeningen Volda

Pangaia

Pangaia is the meeting point for international and Norwegian students at Volda University College. Here you can get to know new students from all over the world, relax with a free cup of coffee or tea, sign up for various activities, and look for any kind of help you need. There is an International Club which arranges club nights and parties, giving students from the various countries a chance to present their homeland and culture both to Norwegians and fellow exchange students. Join us! 

Finn ut meir: 

www.hivolda.no/pangaia

Pangaia Volda

Pedagogstudentane (PS)

Pedagogstudentene er del av Utdanningsforbundet, og er ei fagforeining for alle lærarstudentar, barnehagelærarstudentar og andre med intensjon om å jobbe i undervisningsstillingar. Vi jobbar saman for å skape best moglege utdanningar, slik at vi alle skal bli rusta til verdas viktigaste yrke.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // 

Pedagogstudentene Volda

Peikestokken

Peikestokken seiast å vere Noregs flottaste studentavis, og ikkje utan grunn. Gode journalistiske tekstar blir akkompagnert med flotte bilete i nydeleg layout. Du treng ikkje ha journalisterfaring for å bli med i Peikestokken. Studentavisa kjem ut tre gongar i semesteret og tek føre seg det som skjer på Høgskulen og i studentmiljøet. 

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter // Instagram

Peikestokken

RE:ACT Volda

Bidra til ei rettferdig og berekraftig verd fri for fattigdom! RE:ACT er Strømmestiftelsen sin ungdomsorganisasjon. Vi ynskjer å minske avstanden mellom menneske på tvers av kulturar og landegrenser, sosiale og økonomiske føresetnadar. Lokallaget jobbar blant anna med leksehjelp og aktivitetar for flyktningar, byttemarknad, samt arbeid med Fairtrade, nord/sør-spørsmål, forbruk og mykje meir. 

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

React Volda

Student-KRIK Volda

Vi er eit lokallag av KRIK - Kristen Idrettskontakt, som har treningar kvar fredag på Idrettsbygget. Vi har morosam oppvarming, ulike lagspel, pausar og andakt. Annankvar veke har vi også hybelkveldar i samarbeid med VOKS. Vi vil kombinere idrettsglede, livsglede og trusglede, og arrangerer også litt turar, som surfetur til Stad eller skitur til Strandafjellet. Alle er hjarteleg velkomne til oss.

Finn ut meir:
Facebook 

Instagram

KRIK

 

 

Studentmållaget i Volda

Studentmållaget i Volda er eit studentlag i Noregs Målungdom, som er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. Vi elskar nynorsk, og jobbar for nynorsk, dialektar og språkmangfald på alle område i samfunnet. Velkomen til oss! 

Finn ut meir:

Facebook

Studentmållaget i Volda

Studentsamfunnet i Volda (Rokken)

Studentsamfunnet i Volda vart stifta i 1978 og har i dag det overordna ansvaret for å skaffe frivillige til Studenthuset Rokken. Studentsamfunnet samarbeider tett med leiargruppa på Rokken og driftar huset på kveldstid. Rokken og Studentsamfunnet treng nye frivillige som kan stå i bar, jobbe som teknisk eller crew, vere vakt eller del av PR-gruppa. Rokken og Studentsamfunnet er den perfekte stad å engasjere seg frivillig for å kome inn i eit triveleg og aktivt miljø. 

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter // Instagram

Rokken

VOKS

VOKS - Volda kristelege studentlag , er del av den internasjonale organisasjonen Laget. Vi er eit samlingspunkt for studentar som ynskjer eit kristent fellesskap i Volda, der du kan dele livet, tru og tvil. Vi møtest torsdagar for ulike sosiale aktivitetar og hybelkveldar. Vi samarbeider også med KRIK.  

Finn ut meir:
Facebook

Voks Volda

Volda Student Gaming

Velkomen til studentorganisasjonen for alle oss gaming-interesserte! Det er ope for alle, uavhengig av om det er competetivt eller casual du føretrekk! 

Finn ut meir: 

Facebook //

Volda Student Gaming

Volda studentidrettslag (VSI)

Volda Studentidrettslag tilbyr aktivitetar som fotball, handball, volleyball, innebandy, basket, badminton og bordtennis, i tillegg til trenings-/styrkerom. VSI har treningar kvar vekedag, og er ei fin moglegheit til å vere sosial og bli kjend med andre studentar. Medlemsskap kostar 300 kroner per semester og kan kjøpast gjennom nettsida. 

Finn ut meir: 

Nettside // Facebook

VSI

Volda studentradio

Får du ofte høyre at du snakkar hol i hovudet på folk? I Studentradioen kan du lage ditt eige radioprogram. Lær radioteknikk  og underhald verda! Morosamt, aktuelt, lærerikt, oppfriskande, befriande? Litt av alt! Ta med deg radiostemma di og bli med! 

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Instagram // Twitter

Volda Studentradio

Volda student-TV

Fjernsyn av og for studentane i Volda! Nettstaden vår er vår fjernsynskanal, med sendingar til ujamne tider og stor glede. Der kan ein oppleve aktuelle reportasjar frå det som hender i Volda, TV-seriar med snert og spenstige konsept, kortfilmar, musikkvideoar og anna sprell, moro og sjøsprøyt.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter // Instagram

Volda Student-TV

Andre fritidsaktivitetar du kan delta på som student

Høgskulekoret

Er du glad i å syngje, kan du vere med i Høgskulekoret. Framføringar som «Juleoratoriet» av J.S. Bach og musikalen «Spelemann på taket» viser litt av spennvidda. Koret samarbeider ofte med Symfoniorkesteret og HVO Brass Band.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

Høgskulekoret

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda

Kva seier du til å vere med i landets einaste symfoniorkester som er knytt til ein høgskule? Repertoaret er allsidig, alt frå populærmusikk til symfoniske og kyrkjemusikalske verk. Symfoniorkesteret har som tradisjon å halde årlege konsertar med profesjonelle solistar, mellom anna med Griegs A-moll-konsert. I samarbeid med Høgskulekoret har mellom anna Händels ”Messias” og ”Elias” av Mendelssohn blitt framførte. Spelar du strykeinstrument, treblås, messing eller slagverk? Du er velkomen til å bli med.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

Symfoniorkesteret i Volda